Hopp til innhold
Foto: Tove K. Breistein
Foto: Tove K. Breistein
X
Innhald

Tove Bakke

Tove Bakke, omsetjar og gjendiktar av om lag 60 bøker og skodespel. Ho har omsett bøkene til Anna Gavalda til nynorsk.

Tove Bakke er fødd 19. desember 1954, voks opp i Sande i Sunnfjord og er busett i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med faga fransk, spansk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Bakke arbeidde i mange år som litteraturkritikar, redigerte Kritikkjournalen (1984–87) og arbeider i Norsk kulturråd (frå 1989).
Den første omsetjinga hennar var Døden i Vesten (1977) av den franske historikaren Philippe Ariès. Bakke er særs språkmektig og produktiv, språkleg presis og med litterær innsikt. Ho har omsett og gjendikta 60 bøker, 30 av dei barne- og ungdomsbøker, frå sju språk: spansk, katalansk, fransk, portugisisk, dansk, svensk og engelsk. Ho har omsett mellom anna Albert Camus, Astrid Lindgren, Pablo Escobar, Daniel Pennacs, Gabriela Mistral og Federico García Lorca.
Bakke fekk Bastianprisen i 2003 for omsetjinga av romanen Hund! Hund! av Daniel Pennacs. Ho fekk Samlagsprisen i 2008 for omsetjinga av diktsamlinga Alle skulle bli dronning (2007) av den chilenske Nobelprisvinnaren Gabriela Mistral, og for arbeidet med å spreie verdslitteratur til norske lesarar. Ho fekk Kulturdepartementet sin omsetjarpris for 2010 for omsetjinga av Auroradagbøkene. Som første omsetjar var Bakke festspeldiktar for Dei nynorske festspela i 2009.
 
Omsetjing og gjendikting      
Tove Bakke set om verk av høg litterær kvalitet og eit mangfaldig utval av verdslitteratur. Ho har til no omsett om lag 60 faktabøker, romanar, skodespel, diktsamlingar, sakprosabøker og skjønnlitterære bøker for barn og ungdom. Dei fleste bøkene har ho omsett til nynorsk.
Bakke har gitt norsk språkdrakt til poeten Gabriela Mistral (psevdonym for Lucile Godoy Alcayaga), den første chilenaren som fekk Nobelprisen i litteratur i 1945. I den nyskapande gjendiktinga av Vindblomen (La flor del aire) kombinerer Bakke høgstil og kvardagsspråk.
 
Anna Gavalda på norsk
Bakke har omsett alle romanane til Anna Gavalda til norsk; Eg elska ho (2002), ungdomsromanen 35 kilo med håp (2002), Saman er vi mindre aleine (2005), Lykka er ein sjeldan fugl (2009) og Ein vakker dag (2010). Novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg (2001) er omsett av Ragnar Hovland.
Tove Bakke har fått mange lovord for omsetjinga og godt arbeid med språket til Gavalda, som er munnleg, røft og humoristisk. Saman er vi mindre aleine (2005) har selt meir enn 100 000 eksemplar, og er den romanen som har selt mest på nynorsk nokon gong. Ho blei nominert til Brageprisen (2009) for omsetjinga av Lykka er ein sjeldan fugl.
Barnebøker
Bakke har omsett nærmare 30 bøker for barn og unge, både faktabøker og skjønnlitterære bøker. Biletboka Forelska, om førestellinga barn har om forelsking av Rébecca Dautremer, omsette Bakke i 2010.
 
Aldri tilfreds – Auroradagbøkene (2009) og Like sintAuroradagbøkene 2 (2010) av franske Marie Desplechin handlar om 14 år gamle Aurora som skriv dagbok fordi livet er så keisamt og der ikkje skjer noe. Bøkene er underhaldande, morosame og sarkastiske og blei særs populære i Frankrike då dei kom ut.
I Godnattboka. Nynorske forteljingar (2007) har Tove Bakke dikta sjølv og som ein av 22 bidragsytarar skrive historia om ein australsk kenguru med kjærleikssorg som får sommarjobb som postbod i Oslo.
Kjelder
Tove Bakke, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/B/Tove-Bakke.aspx [lesedato 14.2.2011]
Ivar Aasen-senteret om Tove Bakke, aasentunet.nohttp://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=7379 [lesedato 14.02.2011]
Nettstaden Volapüks nettsider om Tove Bakke, pluto.no, http://www.pluto.no/Doogie/volapuk/litt/Bakke_Tove/Bakke_Tove.html [lesedato 23.2.2011]
Peikarar

Først publisert: 19.10.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018