Hopp til innhold

Wilhelm Bødal

Wilhelm Bødal var lærar og forfattar og skreiv fleire bøker bygde på segner og historiske hendingar frå Indre Nordfjord.

Wilhelm Bødal var fødd 15. april 1922 i Lodalen i Nordfjord og døydde 22. juli 1987 i Loen. Bødal voks opp i Lodalen og opplevde den store rasulukka i 1936, der 74 menneske miste livet, mellom andre far hans. Sjølv fekk han utmerking frå Carnegies heltefond for innsatsen sin under ulukka.

Bødal tok examen artium ved Firda gymnas i 1942. Etter krigen gjekk han lærarskulen på Stord og Statens lærarskule i forming i Oslo. Bødal var lærar i Stryn kommune frå 1951, først i Rake krins (Loen), frå 1962 ved Stryn ungdomsskule.

Han tok over eit gardsbruk i Loen etter onkelen Ole Loen, forfattaren av boka Sportsfiske, 1932, og han dreiv Loen pensjonat frå midt i 1950-åra.

Bødal debuterte som forfattar med barneboka Skatten i Gullkistelen (1956). Seinare kom det ei barnebok til, ei novellesamling, ein romanserie i fire band og to diktsamlingar. Både i barnebøkene og i romanane byggjer forfattaren på segnstoff og historie frå heimbygda. Hovudverket er romanserien I skyggen av Ramnefjell (1968), Storeknut-Anders vandreren (1970), Gardesoldaten (1971) og Dødsrytteren (1972). I desse bøkene hentar Bødal stoff frå faktiske hendingar (mellom anna Lodalsulukka i 1936) og trekkjer inn historiske personar og segnstoff frå Indre Nordfjord. Dei ulike historiske hendingane blir støypte saman i ei handling lagd til siste del av 1700-talet. Kjernen i romanserien er forteljinga om Storknut-Anders, bygd på segner om ein kraftkar frå Lodalen som var gardesoldat i København.

I dei to diktsamlingane, Heimlege kvad (1975) og Vind og horisont (1977), henta Bødal stoff og motiv frå heimbygd og familieliv, med vekt på verdiar som respekt for tradisjonar, kjærleik til natur og landskap og gledene i kvardagslivet.

Bødal skreiv den første barneboka og dei to diktsamlingane på nynorsk, dei andre på bokmål.

Kjelder

E‑post frå Arild Bødal 24.2.2108

Carl Lauritz Lund-Iversen: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700–1986. Naustdal 1990

Peikarar

Forfattarside om Wilhelm Bødal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»

Digitaliserte bøker av Wilhelm Bødal på Nasjonalbiblioteket, nb.no 

Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 27.07.2018