Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Domben

Arne Domben var politimann og skreiv dikt om yrket sitt, om samfunnsspørsmål og om opphald i tysk konsentrasjonsleir under andre verdskrigen. Arne Domben var fødd 2. mai 1906 på Kinn og døydde 27. september 1985 i Oslo.

Domben gjekk underoffiserskule i Bergen og deretter politiskule, med eksamen i 1932. Dei første åra i teneste var han i Trondheim, før han i 1938 vart tilsett som politikonstabel i Måløy. I september 1941 vart han overført til Florø, der han var politioverbetjent ved Fjordane Politikammer frå 1953. I denne stillinga var han til 1968, då han gjekk av med pensjon. Han flytta då til Oslo, der han budde til han døydde i 1985.

I august 1943 vart Domben fengsla av nazistyresmaktene, saman med mange andre norske politifolk. Han vart send til Ulven fangeleir utanfor Bergen og til Grini, før han vart transportert til Stutthof konsentrasjonsleir i Tyskland. Her var han til freden kom i 1945.

Domben skreiv fleire dikt i konsentrasjonsleiren og bidrog med opplesing under tilskipingar som dei norske fangane fekk til. Tre av desse dikta er trykte i Norsk politi bak piggtråd. Stutthof-politiets historie 1943–1945. Desse dikta er ikkje tekne med i diktsamlinga Mørk natt (1976).

Domben debuterte som forfattar med diktsamlinga No er eg blitt politi! (1943), med teikningar av Arne Wold. Her finn vi dikt om livet som politimann, med glimt i auga, men også meir alvorlege tekstar om einsemd, sorg, fattigdom og sosial urett. I 1976 kom Mørk natt, der Domben har med nokre dikt om tida i tysk fangenskap, ved sida av minnedikt om foreldre som døyr og dikt med ønske om – og krav til – det samfunnet som skal byggjast etter verdskrigen. Domben er kvardagsnær og realistisk i dikta sine, kritisk til store ord og til maktmenneske. Naturen har ein stor plass i dikta, både som ramme for menneskeliv og som metaforar for menneskelege kvalitetar og utfordringar.

Kjelder

Telefonsamtale med Tore Gundersen 16.1.2019

Telefonsamtale med Marit Domben Reiakvam 19.2.2019

Telefonsamtale med Asle Domben 20.2.2019

Olaf R. Walle: Norsk politi bak piggtråd. Stutthof-politiets historie 1943–1945. Kragerø 1947

Carl Lauritz Lund-Iversen: Ord gjennom år. Dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord 1700–1986. Naustdal 1990

Peikarar

Digitaliserte bøker av Arne Domben på Nasjonalbiblioteket, nb.no https://www.nb.no/search?q=arne%20domben&mediatype=b%C3%B8ker

Forfattarside om Arne Domben på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no http://forfattarar.sfj.no/arne-domben/

 

Først publisert: 08.11.2019
Sist oppdatert: 29.01.2020