Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Jonson Dale

Bjørn Jonson Dale (f. 1952 i Ålesund) er historikar og har skrive ei rekkje bygdebøker. Under pseudonymet Peter Brest publiserte han på slutten av 1980-talet tre romanar som tok på seg å avsløra uheldige koplingar og tette band mellom politikk og næringsliv i ein by som liknar Ålesund.

I den første av dei, Vrak og brak: røvarhistorie (1987) går han fram og tilbake mellom historiske dokument, fortidige hendingar og samtidig politikk, slik at både røvarhistorie, historisk roman og nøkkelroman kan brukast som merkelapp. At det handlar om Ålesund, går fram av eit godt fargefoto av byen på framsida. Han held fram i same blandingssjanger også i Ved siste ramnegal. Skuggeskrift (1988) og Napoleons nattspegel. fraktur (1989) der han brukar historiske hendingar som ironiske speglar for notida sjølv om referansane til samtidig politikk ikkje er så klåre.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 13.11.2018