Hopp til innhold
Foto: Siri Vaggen Olsen/ Samlaget
Foto: Siri Vaggen Olsen/ Samlaget
X
Innhald

Ernst Berge Drange

Ernst Berge Drange er magister i etnologi og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet.

Ernst Berge Drange er fødd i Bergen 2. mai 1954. Frå 1977 var han knytt til Tysnes Sogelag i Sunnhordland som sivilarbeidar og seinare i fast stilling, først med innsamling av munnlege tradisjonar frå kommunen, dinest med gards- og ættesoge for Tysnes, som kom i fire band i åra 1986–1991. Drange har òg skrive fleire band med lokalhistorie frå Suldal kommune i Ryfylke. I bygdebokskrivinga har han i stor grad brukt munnlege former i gardsnamn og stadnamn, til dels med lokalkoloritt i form av dialekt.
 
I 2007 vart det markert at det var hundre år sidan diktaren og barnebokforfattaren Rasmus Løland døydde. Til markeringa skreiv Drange ein stor biografi om den særmerkte diktaren, Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. I boka får lesaren eit djupt innsyn i Lølands barndoms- og oppvekstmiljø i Ryfylke.
 
Ernst Berge Drange har òg forska og skrive om husmannsskipnaden i Ryfylke og på Tysnes i Sunnhordland. I 1982 tok han magistergraden på dette emnet. Magistergradsavhandlinga hans om husmannsskipnaden i Tysnes var eit pionerarbeid som flytta tidspunktet for plass-skipnaden på Sørvestlandet til byrjinga av 1600-talet. Innanfor norsk historie er det husmannsforskinga som er Drange sitt viktigaste bidrag.
 
Kjelder
Ernst Berge Drange
 
Forfattarside om Ernst Berge Drange, Det Norske Samlaget, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/D/Ernst-Berge-Drange.aspx [oppdatert lesedato 8.9.2011]
 
Peikarar
Omtale av Ernst Berge Drange på Ryfylkemuseet sin nettstad
Omtale av Rasmus Løland-biografien på Dag og Tid sin nettstad

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013