Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Espeland

Arne Magnus Espeland var lærar, forfattar og NRK-medarbeidar. I NRK var han ein av nynorskpionerane. Under andre verdskrigen gjorde han ein stor innsats som motstandsmann.

Arne Espeland var fødd på Lista 6. juli 1885 og døydde 22. april 1972 i Stavanger. Han vart uteksaminert frå lærarskulen i Kristiansand i 1906 og arbeidde ved folkeskular i Flekkefjord, Lista og Krødsherad fram til 1908 og ved Farsund mellomskule frå 1910 til 1912. Deretter slo han seg ned i Stavanger, der han arbeidde ved Storhaug skule i eit år, ved Storm skule frå 1913 til 1918 og deretter ved St. Svithun skule fram til 1938. Dette året vart han programsekretær i NRK Rogaland, eit yrke han hadde fram til han gjekk av med pensjon i 1955.
Espeland gjorde viktig motstandsarbeid som radiosabotør under andre verdskrigen. Han motarbeidde tyskarane og var med på å hindre radiosendingar frå Stavanger ved å gøyme vekk apparat og anna utstyr.
Han debuterte som forfattar i 1909 med Blide og sure andlet, nokre humoristiske småstubbar. Skodespelet På heimveg følgde året etter. Første diktsamlinga hans, Dikt, kom i 1919. Etter dei populære programma hans i Barnetimen for dei minste, der han var mellom dei første som nytta nynorsk, gav han ut tre barnebøker i 1940- og 50-åra. Espeland skreiv ein biografi om forfattaren Jens Tvedt i 1959. Deretter følgde dei lokalhistoriske romanane frå Lista, Klar til batalje (1961) og Med livet i nevane (1964).
Espeland var redaktør for det store verket Norske skulefolk i 1934 og var ein ivrig avisskribent. Han var oppteken av ungdomslagsarbeid og målsak, men nytta begge målformene.
Han fekk fleire stipend, mellom anna frå NRK i 1947 til studieopphald i England og Frankrike. I 1955 fekk Espeland Kongens fortenestemedalje i gull for verdfullt samfunnsengasjement.
Kjelder
Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Ingrid Terland: Agderforfattere gjennom tidene. Del 1. Agder distriktshøgskule 1988
Olav A. Loen: «Bygda gav diktarsyn», Listaminne. Elektronisk utgåve: http://www.listaminne.no/om-arne-espeland/ [lesedato 22.12.2011]
Olav Omland: «Arne Espeland. Listalandets dikter», Listaminne. Elektronisk utgåve: http://www.listaminne.no/om-arne-espeland/ [lesedato 22.12.2011]
Olav Torvund: «Arne Espeland. Diktaren og kringkastingsmannen», Nynorsk Vekeblad 1946. Elektronisk utgåve: http://www.listaminne.no/om-arne-espeland [lesedato 22.12.2011]
Peikarar

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 14.11.2018