Hopp til innhold
Bent Eia. Foto: Ingvar Tengesdal, henta frå nettstaden lyrikaren.no.
Bent Eia. Foto: Ingvar Tengesdal, henta frå nettstaden lyrikaren.no.
X
Innhald

Bent Eia

Bent Eia, norsk lyrikar som skriv om psykiske vanskar, filosofi og natur. Han debuterte på eige forlag i 1993 og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar.

Bent Eia er fødd 15. februar 1957 i Asker og er busett i Hauge i Dalane, Rogaland. Han gjekk på Lyngdal jordbruksskule frå 1973 til 1976. Eia var fem månadar gamal då han kom til småbruket Tjednareid på Eia i Sokndal i Rogaland. Småbruket gav namn til forlaget som han gav ut den første boka si på.

Etter jordbruksskulen var Eia bonde på eit småbruk fram til 2007. Han var leiar i Sokndal Bonde- og Småbrukarlag nokre av desse åra. Frå 2018 har han vore leiar i Dalane Mållag.

I diktinga si tematiserer Eia mellommenneskelege relasjonar, nærleik og distanse. Han ser poesien som ein reiskap til å forstå seg sjølv i eit utfordrande psykisk og sosialt landskap. Natur, miljø og filosofi er andre sentrale tema i forfattarskapen.

Eia debuterte i 1993 med diktsamlinga Veggane var for tjukke. Boka er illustrert av Margareth Larsen og vart utgitt på eige forlag. I 2006 kom samlinga Der er ein planet, med dikt frå 1979 til 2006. Boka har illustrasjonar av Aud Rye. Mine skjøre strenger (2012) er ei samling dikt om barndomen, om å sitje einsam på skulebussen og sjå ut av vindauget, og inn i seg sjølv. Dikta i Me veks i spora våre (2016) pendlar mellom draum og røyndom. Samlinga består av nye versjonar av tidlegare dikt. Også denne boka er illustrert av Aud Rye.

Kjelder

E-post frå Bent Eia 9.8.2019

Nettstaden til Bent Eia, lyrikaren.no: http://lyrikaren.no/ [lesedato 26.8.2019]

Peikarar

Kari Hagen: «Der er ein planet», bokavisen.no http://www.bokavisen.no/bokavisen/2006/10/der_er_ein_planet.php

Arnt Olav Klippenberg: «Dagens minst viktige sak», aftenbladet.no (krev abonnement) https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/ApqAA/dagens-minst-viktige-sak?spid_rel=2

Espen Røsbak: «Bent Eia», sølvberget.no https://www.xn--slvberget-l8a.no/Kapittel/Historisk-Kapittel/Kapittel-16/Gjester-paa-Kapittel-2016/Bent-Eia

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019