Hopp til innhold
Bergljot Engeset
Bergljot Engeset
Foto: Skald forlag. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Bergljot Engeset

Bergljot Lovise Engeset, skodespelar, journalist og forfattar med ein svært allsidig karriere. I 1970-åra var ho programleiar for fleire populære fjernsynsprogram i NRK.

Engeset er fødd 15. mai 1941 i Stranda. Ho har utdanning frå Statens Teaterhøgskole i 1965 og starta yrkeskarrieren sin som skodespelar ved Den Nationale Scene og Det Norske Teatret frå 1965 til 1971, med større roller i mellom anna «Vildanden», «Bernardas hus» og «Læraren». I 1972 melde ho overgang til NRK, der ho arbeidde som programsekretær i fleire avdelingar og vart særleg kjend for programma «Leikestove» og «Etter fjøstid». Ho fullførte utdanninga som journalist ved Norsk journalisthøgskole i 1979 og arbeidde deretter ved Nynorsk Pressekontor fram til 1986. Ein periode var ho informasjonsleiar for Teatret Vårt i Molde.
 
Engeset har vist stor breidd som skribent, og ho har skrive bøker både om erfaringane sine som innflyttar i Oslo og om kulturhistoria til landsdelen der ho har røtene sine. Fleire av bøkene har ho gitt ut på sitt eige forlag, Norsk kulturformidling.
 
Kjelder
Nils E. Øy (red.): «Bergljot Engeset», Pressefolk 1997. Oslo 1997

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018