Hopp til innhold

Erik Eggen

Erik Eggen var lektor, dirigent, komponist og forfattar. Han tok doktorgrad i nordisk mellomaldermusikk og omsette fleire klassiske tekstar til nynorsk.

Erik Eggen var fødd i Trondheim 17. november 1877 og døydde i Ringsaker 7. juni 1957. Etter eksamen ved Notodden lærarskule i 1898 underviste han i Nedre Eiker, tok artium i 1904 og var folkehøgskulelærar i Seljord frå 1906. Eggen arbeidde ved privatgymnaset på Voss frå 1913 og ved Voss offentlege landsgymnas frå starten i 1916. Han tok filologisk embetseksamen i 1914, og i 1925 vart han dr.philos. på ein studie om skalaer i nordisk mellomaldermusikk.

Klassisk danning gjekk for Eggen hand i hand med norrøne tradisjonar og norsk bygdekultur. Tidleg gav han ut Tri syngjespel (stevleikar) for ungdomslag (1910) og ein biografi om Edvard Grieg (1911). Eggen framheva det intime sambandet mellom Grieg og norske folketonar. På Voss vart han krumtappen i eit aktivt musikkliv – ikkje minst gjennom symfoniorkesteret Fossegrimen, som han skipa i 1917. Rundt 1930 samla han i sommarferiane folketonar i Valdres.

Frå Bibelen sette Eggen om fleire poetiske tekstar. Han presenterte Høgsongen som drama med replikkar alt i 1900 og sette om Jobs bok til den første nynorskbibelen i 1921. Til olsok i 1919 gjendikta han «Lux illuxit laetabunda» frå Olavs-liturgien. Av Shakespeare sette Eggen om Jonsokdraumen (1912) og Kong Rikard den tridje (1919).

Andre viktige utgivingar var Latinsk-norsk ordliste for gymnaset (1920) og Norsk musikksoge (1923). Den sistnemnde var basert på stoff Eggen tidlegare hadde presentert i Norsk Toneblad, som han redigerte frå 1910 til 1917.

Kjelder

Telefonsamtale med Kari Gaarder Losnedahl 23.2.2018 og e‑post 19.3.2018

Om Erik Eggen i Studentene fra 1904. Oslo 1929 og 1954

Dag Gieverholt: «Erik Eggen – vossalektor, folkemusikkgranskar og toneskald», Gula Tidend 24.11.1977

Johannes Gjerdåker: Ålmenn soge for Voss, bd. 2, s. 334–340. Voss 1991

Per Halse: «Mellomalderlys. Lux illuxit, kristne kvad og salmesong», Vagant nr. 1–2, 2017

O.M. Sandvik: «Eggen, Erik», Norsk biografisk leksikon, bd. 3, s. 447. Oslo 1926

Terje Aarset: «Erik Eggen – eit hundreårsminne», Adresseavisen 18.11.1977

Peikarar

Bibliografi i oria.no 

Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 10.10.2018