Hopp til innhold

Ivar Eskeland

Ivar Eskeland, omsetjar, kritikar og talar. Han omsette over hundre bøker til nynorsk og bokmål og meistra begge målformer betre enn dei fleste.

Eskeland blei fødd på Stord 30. november 1927 og døydde 23. desember 2005. Etter å ha blitt cand.philol. med norsk hovudfag i 1953 var han dagleg leiar i Noregs Mållag 1955–56 og produksjonssjef i Fonna Forlag frå 1956.
 
Han var teaterkonsulent ved Det Norske Teatret 1960–65, teaterkritikar i Dagbladet frå 1966, direktør for Nordens Hus i Reykjavík 1968–72, leidde Sekretariatet for nordisk kulturelt samarbeid 1972–74 og var forlagssjef i Atheneum 1985–86.
 
Eskeland omsette over 120 bøker til nynorsk eller bokmål. Saman med Jon Leirfall skreiv han storsuksessen Så seier soga (1970), og han gav ut ei rekkje samlingar med sine stilsikre kåseri. Han var også ein innsiktsfull og entusiastisk formidlar av islandsk litteratur.
 
Eskeland var formann i Noregs Mållag 1960–63, i Norsk Oversetterforening 1965–68 og 1978–86, i Norsk Litteraturkritikerlag 1975–81 og i Norges Kunstnerråd 1992–94. Han blei statsstipendiat i 1976.
 
Ivar Eskeland var aktiv i Høgre i lang tid, men søkte i seinare år mot Venstre.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Andreas Hompland: ”Ivar Eskeland”. Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 14.11.2018