Hopp til innhold
X
Innhald

Jon. P. Enlid

Jon P. Enlid, gardbrukar og diktar som gjennom kvardagslege bilete skildra livet på garden og samspelet mellom natur og menneske.

Jon Pedersen Enlid var fødd 15. april 1913 i Budal i Midtre Gauldal i Sør-Trøndelag. Der budde han på slektsgarden fram til han døydde 22. januar 1983. Enlid var gardbrukar og diktar heile sitt vaksne liv.

Diktsamlinga Utkantgrend kom i 1969 og Grend i 1977. Samlinga I morgedalane kom post mortem i 1985. Enlid har òg skrive forteljingar og artiklar for tidsskrift, aviser og julehefte.

Ætta og jorda er sentrale element i diktinga til Enlid. Han gir ei kvardagsnær og konkret skildring av livet på garden slik han kjenner det som bonde. Samspelet mellom natur og menneske, fortid og notid står sentralt. Diktar-eget kjenner seg nært knytt til slektsgarden, forvaltaransvaret og det å vere ein del av det store samspelet i naturen. I dikt som «Barndom» (1985) og «I sjogen frå Hiåfossen» (1985) har Enlid eit nostalgisk blikk på livet som har vore levd før. Likevel, sjølv om dikta har ein skepsis til verdiane i samtida, har Enlid ofte ein underfundig og humoristisk vri på alvoret.

Enlid fekk Midtre Gauldal kommune sin kulturpris i 1979.

Kjelder

Hallgerd Aune ofl.: Trønderforfattarar i hundre år. Trondheim 1999

Jon P. Enlid, bibliografi, nb.no: https://www.nb.no/nbsok/search?searchString=creator:%22Enlid,%20Jon%20P.%22&page=0 [lesedato 18.1.2018]

Først publisert: 13.04.2018
Sist oppdatert: 13.04.2018