Hopp til innhold
X
Innhald

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim (f. 1967 i Stavanger) er kritikar og lyrikar. Han debuterte med Sjøen hugsar ingen barndom (2010), ei samling som teiknar ei verd utan menneske. Det finst landskap og sjø og undersjøiske landskap, men ingen folk. Det utfordrar det ofte subjektive diktformatet.

Han følgde opp med Ho kjem fram i regnet (2013), der grepet er å studera svært små vesen og fenomen i natur, som dropar og insekt. Kombinert med dette finst det ei historie om ei døyande mor. 

Boka frå 2017 har to sjeldne ord i tittelen: Rangsøles. Litofaniar. Det første tyder vend bort frå sola, det andre kombinerer litani (ritual for sorg og klage) med epifani, openberring av lys. Ekrheim utfordrar diktsjangeren ved å venda seg mot objekt få ser, og i dette tek han opp i seg fleire tendensar i nyare lyrikk.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 14.11.2018