Hopp til innhold

Augustinus Flor

Augustinus Augustinussen Flor, prest og mellom dei første namngitte nordmenn som skreiv på bygdemål. Dei humoristiske høvesdikta hans har både språkhistorisk og kulturhistorisk interesse.

Les meir om Augustinus Flor

Johannes Farestveit

Johannes Farestveit var forleggjar med teft for omsette nynorske spenningsbøker for born. Mest kjend er han som redaktør i Norsk Barneblad, dessutan var han teikneserieforfattar og omsetjar.

Les meir om Johannes Farestveit

Jon Fosse

Jon Fosse

Jon Olav Fosse, forfattar, dramatikar og omsetjar, ei særmerkt røyst i ny norsk litteratur. Fosse fekk i 2015 Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.

Les meir om Jon Fosse

Jostein Fet

Jostein Fet

Jostein Fet, forskar, forfattar, kulturhistorikar og folkemusikar. Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2004, og same året fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal. Han har synt at bøndene på 1700- og først på 1800-talet var meir lesekunnige enn ein før har trudd.

Les meir om Jostein Fet

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad, diktar, essayist og gjendiktar, er ein av dei mest omtykte og prislønte forfattarane i nyare norsk litteratur. I diktinga så vel som i sakprosaen har han brote ned skiljet mellom høgt og lågt, og med den fabulerande romankunsten sin har han endra synet på kva norsk litteratur er og kan vere.

Les meir om Kjartan Fløgstad

Ragnhild Foss

Ragnhild Antonia Maria Foss, omsetjar og trygdefullmektig. Foss gjorde eit pionerarbeid med å setje om kyrkjeleg norsk mellomalderdikting frå latin til nynorsk.

Les meir om Ragnhild Foss

Åse Lilleskare Faugstad

Åse Lilleskare Faugstad er utdanna i språk og litteratur og har hittil gitt ut elleve diktsamlingar. Ho har også omsett dikt frå engelsk og omsett eigne dikt til engelsk. 

Les meir om Åse Lilleskare Faugstad

Åsmund Farestveit

Åsmund Farestveit, teolog, sokneprest og romanforfattar frå Voss med lidenskap for nynorsken. Kombinasjonen av kristentru og livet på Vestlandet utgjorde grunnlaget for forfattarskapen.

Les meir om Åsmund Farestveit