Faktaboks

Lars Roger Furnes
Fødd
4. juli 1948, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
20. mai 2023
Lars Roger Furnes, 1999
Lars Roger Furnes, 1999
Av /VG/NTB.

Lars Roger Furnes var ein forfattar, lyrikar og biletkunstnar med mange utstillingar i inn- og utland. Furnes var oppteken av tilhøvet mellom dikting, musikk og biletkunst, og han har halde kurs i kreativ skriving.

Bakgrunn

Lars Roger Furnes vart fødd i Ålesund i Møre og Romsdal. I 1970- og 80-åra studerte han ved Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Berlin under professorene Mathias Koeppel og Wilhelm von Braun- Feldweg, École Nationale Supérieure des Beaux-Arts i Paris under professor Jacques Yankel fra 1980 til 1983, og Statens Kunstakademi (no Kunsthøgskolen i Oslo) i Oslo. Han var tilknyttet Atelier Nord i Oslo ved Anne Breivik i 1977 og Atelier 17 i Paris, ved Stanley William Hayter i 1981.

Han debuterte på Statens Kunstutstilling (Høstutstillingen) i 1982.

Forfattarskapen

I 1984 debuterte han som forfattar med diktsamlinga Jeg har ikke myrdet engelen min. Dei tre neste bøkene var òg lyrikk, Hvit natthonning – rød sang (1986), Sender i blått regn (1989) og Kalenderen begynner (1994).

Saman med Willy Flock og Ragnar Kvam gav han i 1995 ut novelleantologien Fargen blå. Seinare har det kome fleire diktsamlingar og eit par romanar. Romanen Tigerdraumar frå 1996 er skriven på nynorsk. I 1995 gav han ut CD-en Tenkjer på deg, med musikk og dikt til eigne måleri.

Frå 2000 til 2009 var han litteraturkritikar i Sunnmørsposten.

Kunstkarrieren

Sidan 1974 hadde Furnes meir enn 50 separatutstillingar i inn- og utland, mellom anna i Berlin, Paris og fødebyen Ålesund. I tillegg kjem mange gruppeutstillingar.

Furnes knytter an til ein malerisk retning som oppstod på midten av 1960- tallet som en reaksjon på den nonfigurative modernismen. Dens fremste eksponenter var John David Nielsen, Svein Strand og Eilif Amundsen. Retningen fant inspirasjon i de kultiverte, norske nyromantikerne fra mellomkrigstiden og franske impresjonister som Pierre Bonnard.

Måleria hans er humoristiske og fabulerande, med tydelege undertonar av melankoli og alvor. Det same karakteriser dei litterære verka hans.

Utmerkingar

Furnes har fått ei rad utmerkingar. Mellom anna vart han i 1982 tildelt Den franske stats kunstnarstipend. I 1996, 1997, 1998 og 2010 fekk han tildelt Statens reise- og studiestipend. Han fekk Ålesund bys kunstnarpris i 1999 og Vest-Agder fylkes kunstnarstipend i 2008.

Bibliografi

  • Jubileumskatalog, Lars Roger Furnes, red. Svein Thoruds (Ålesund, 2018)
  • Blå sendar. Regnliljer (Lyrikk, Orkana forlag, 2006)
  • Horisontengelen (Lyrikk, Littera, 1997)
  • Tigerdraumar (Roman, Samlaget, 1996)
  • Tenkjer på deg. CD m egne komposisjoner (Lyrikk, Lynor, 1996)
  • Fargen blå (medf) (Noveller, Falken, 1995)
  • Kalenderen begynner (Lyrikk, Solum, 1994)
  • Sender i blått regn (Lyrikk, Solum, 1989)
  • Hvit natthonning – rød sang (Lyrikk, Cappelen, 1986)
  • Jeg har ikke myrdet engelen min (Lyrikk, Cappelen, 1984)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg