Faktaboks

Elin Grimstad
Fødd
6. november 1976, Giske, Møre og Romsdal
Elin Grimstad i atelieret sitt på Giske i 2020
Elin Grimstad i atelieret sitt på Giske i 2020
Elin Grimstad i atelieret sitt på Giske i 2020
Av /Allkunne.

Elin Grimstad er ein norsk forfattar, animatør og musikar. Ho gir ut barnebøker og lagar animasjonsfilmar, i tillegg til å vere låtskrivar og vokalist i indiepopbandet Je Suis Animal.

For den animerte kortfilmen Evige jaktmarker (Eternal Hunting Grounds, 2016) fekk Grimstad prisen Golden Dove i kategorien Best Short Animation Film under International Leipzig Festival for Documentary and Animated Film i 2016. Filmen var òg bland dei 63 animasjonsfilmane på kortlista for nominasjon til Oscar-prisen i 2018.

Bakgrunn

Elin Grimstad er fødd i Giske i Møre og Romsdal. Ho var elev ved Fagerlia videregående skole frå 1992 til 1995. I 2002 blei ho Bachelor of Creative Arts i animasjonsfilm og skriving for barn og unge ved Bath Spa University. Ho tok forfattarutdanning ved Norsk Barnebokinstitutt i Oslo i åra 2007 til 2009.

Bøker og filmar

Den litterære debuten Månen som ville lyse som ei sol (2012) er ei biletbok for barn, der Grimstad stod for både tekst og illustrasjonar. Forteljinga handlar om vitskap, men like mykje om å verdsetje kvarandre. I boka nytta ho ein eigenutvikla illustrasjonsteknikk, basert på kunnskapen om animasjonsfilm.

På den animerte kortfilmen Evige jaktmarker (2016) stod Grimstad for både manus, produksjon og regi. I tillegg hadde ho ansvar for design og bygging av filmsettet. Det norske produksjonsselskapet Medieoperatørene AS stod for produksjonen. Kortfilmen var ein norsk-estisk samproduksjon og hadde Norgespremiere på Filmens hus i Oslo i 2016.

Grimstad var òg regissør og produsent på den animerte kortfilmen The Making of a Cave (2002). Filmen var ein norsk-britisk samproduksjon. Grimstad var i tillegg produksjonsassistent på den norske animerte kortfilmen Gjennom mine tykke briller... (2004), regissert av Pjotr Sapegin. Kortfilmen vart nominert til Amandaprisen i kategorien Årets barne- og ungdomsfilm i 2004.

Alle desse tre filmane brukte animasjonsteknikken stop-motion, kjent på norsk som dukkefilm eller flyttefilm. Som profesjonell animatør har Grimstad spesialisert seg innan stop-motion og bruker ofte figurar laga av papir.

Grimstad har også gjort mange produksjonar for Den kulturelle skulesekken (DKS). Biletboken Månen som ville lyse som ei sol og kortfilmen Evige jaktmarker er døme på desse produksjonane.

Musikk og teater

Sidan 2004 har Grimstad vore vokalist og gitarist i indiepopbandet Je Suis Animal, der ho òg er komponist og tekstforfattar. Bandet har spela på scener rundt om i verda og hatt fleire plateutgivingar internasjonalt og i Noreg. Tidlegare var ho medlem av bandet Tiny Too, som bestod av Elin Grimstad, Hilde Stephanson og Isobel Jones.

Grimstad har jobba mykje med animasjon i møte med scene og dukketeater. Ho har erfaring frå tekstarbeid, illustrasjon og animasjon for scenekunst og musikk. Sidan 2020 har Grimstad vore prosjektansvarleg for etableringa av eit digitalt galleri over teaterfigurar i Noreg frå 1945 til i dag, i samarbeid med Mona Wiig og Sceneweb.no.

Grimstad har òg delteke i ei rekke teaterframsyningar som utøver og musikar og har i mange år turnert over heile landet med Den kulturelle skolesekken.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg