Faktaboks

Ivar Grimstad
Fødd
25. februar 1922, Hareid, Møre og Romsdal
Død
17. mars 2006

Ivar Grimstad var ein norsk forfattar, lærar og journalist. Han var rektor ved Møre folkehøgskule frå 1960.

Grimstad gav ut barnebøkene Storvarpet (1947) og Den mystiske hola (1959); diktsamlingane Havland (1968), Mot eit anna land (1974) og Drøymaren og brørne hans (1982), men er likevel mest kjend for sine morsomme, slagferdige og velformulerte bøker om Sunnmøre-humoren: Velsigne kjæften din, prest. Vist og gale frå Sunnmøre (1974) og Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord! Vist og gale frå Sunnmøre II (1977), Reven bak øyret (1983).

Den fyrste romanen hass, Sigrids saga (1986), er ei skildring frå mellomkrigstidas kyst-Noreg, som fekk eit frittståande framhald i Nytt skip (1989).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Herman Berthelsen: Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo 1987
  • Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977
  • Ivar Grimstad: «Ein skrivande folkehøgskule-idealist», Vestlandsdiktarar. Oslo 1978
  • Harald H. Rise: «Vist og gale – i tekst og tale. Om Ivar Grimstad», 100 år – 100 navn. Ålesund 2000
  • Roar Rønning: «Ivar Grimstad. Minneord», Folkehøgskolen nr. 4/5 2006
  • Vestlandsdiktarar. Ein antologi frå Norsk Forfattarsentrum, Vestlandsavdelinga. Oslo 1978

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg