Faktaboks

Magnhild Gravir

Gunn Magnhild Gravir Imenes

Fødd
23. oktober 1941, Dalen i Tokke

Magnhild Gravir er ein norsk barnebokforfattar og tidlegare høgskulelektor. Gravir har skrive både fagbøker om barnelitteratur og barnespråk, og barnebøker.

Gravir er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1972. Hovudoppgåva er ein analyse av Alfred Hauges bok Mysterium. Frå 1971 arbeidde ho ved Barnevernsakademiet, seinare innlemma i Høgskolen i Oslo/OsloMet.

I 1976 fortalde ho i NRKs radioprogram Barnetimen for dei minste om bygdejenta Ragnhild. Den første boka om Ragnhild var Den eldande raude beveren (1976), illustrert av Kjersti Scheen. Seinare ga Gravir ut fem bøker om Ragnhild, illustrerte av Borghild Rud. I 1977 fekk Gravir Nynorsk barnelitteraturpris for den andre av Ragnhild-bøkene, Den rare dagen.

Fagboka Bøker for barn – analyse – vurdering – formidling (1979), som ho skreiv saman med Olav Imenes, kom i nye utgåver i 1982, 1990 og 1995.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie bd. 7. Oslo 1997
  • Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg