Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Garlaus

Ola Garlaus var sjølvlært bygdekunstnar, fanemalar og forfattar.

Ola Garlaus var fødd på Garlaus i Snåsa i 1876 og døydde i Holmestrand i 1947. Han hadde ikkje formell kunstutdanning, men livnærte seg ein periode på å reise rundt i Trøndelag og måle bilete av mange gardar. Han laga også fleire ungdomslagsfanar, blant desse fana til Sparbu ungdomslag.

Garlaus debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1914 med forteljingane  Petter Slaap og mang ainner løsti stubba paa trøndermaal. Seinare gav han  ut fleire samlingar med forteljingar på dialekt, nynorsk og bokmål med kristent oppbyggeleg innhald.

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 14.11.2018