Alf Haveland
Alf Haveland er lærar frå Ytre Sogn, som i dikta sine skildrar det vestnorske kystlandskapet og den kystnorske folkesjela.
Alfred Hauge
Alfred Hauge
Alfred Hauge, ein av dei sentrale forteljarane i etterkrigslitteraturen. Mest lesen er truleg utvandringstrilogien om Cleng Peerson (1961–1965).
Anders Hovden
Anders Hovden
Anders Hovden, prest, diktar og folketalar. Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han, som heile livet levde etter mottoet «Ver aldri redd i ærleg strid!»
Arild Hoksnes
Arild Hoksnes
Arild Hoksnes, forfattar, journalist, musikar og humorist.
Arnold Hallén
Arnold Hallén skreiv forteljande bøker for barn og dikt for vaksne.
Arvid Hanssen
Arvid Hanssen
Arvid Hanssen, journalist, forfattar og lyrikar. Han løfta fram natur og levekår i Nord-Noreg, handikap og fattigdom som litterære emne.
Aslaug Høydal
Aslaug Høydal
Aslaug Høydal, forfattar og lærar, skreiv romanen Dyr last i 1963 som vekte mykje debatt om det nye skuleslaget ungdomsskulen.
Astrid Krog Halse
Astrid Krog Halse
Astrid Krog Halse, lærar og lyrikar som skreiv dikt på Meldal-dialekt. Fleire av dikta hennar er tonesette av folkrockgruppa Gåte.
Atle Hansen
Atle Hansen
Atle Hansen er ein allsidig og røynd forfattar, journalist, formidlar, musikar og songar.
Dag Helleve
Dag Helleve
Dag Helleve, lærar, naturvernentusiast og forfattar som skriv om musikk, natur og politikk, og som har gitt ut både sakprosa og skjønnlitteratur.
Edvard Hoem
Edvard Hoem
Edvard Arnt Hoem, ein av dei mest markante og stilsikre diktarar i Noreg, med stor og allsidig forfattarskap, ofte med politisk bodskap i dikt, dramatikk og romanar.
Else Frogner Henden
Else Frogner Henden, skodespelar og barnebokforfattar, ein kulturformidlar som særleg har gleda barn med forteljingar om livet på garden.
Fanny Holmin
Fanny Holmin
Fanny Holmin er redaktør, lyrikar og utøvar i eigne sceneproduksjonar. Tekstane og kunsten hennar har eit vidt spenn, med nyskapande og kreative uttrykk.
Gerd Høst
Gerd Høst Heyerdal, professor, forfattar og skodespelar med inngåande kjennskap til tysk kultur og ein sentral brubyggjar mellom Noreg og Tyskland etter krigen.
Gro Holm
Gro Holm
Gro Holm, forfattar frå mellomkrigstida og den første norske kvinna av bondestand som skreiv romanar.
Hans Henrik Holm
Hans Henrik Holm
Hans Henrik Holm, diktar, språkgranskar og folkelivsgranskar. Med dialektblanda nynorsk og riksmål utforska han den norske folkesjela og kulturarven litterært.
Hans Hyldbakk
Hans Hyldbakk
Hans Hyldbakk, forfattar og lokalhistorikar, skreiv «Vårsøg» og andre folkekjære dikt – og meir enn 11 000 sider lokalhistorie.
Hans Hylen
Hans Andreas Jonsson Hylen, skulemann, folkeopplysar, organisasjonsmann og forfattar. Han var særleg oppteken av det norske, noko som prega heile hans virke.
Heidi Strand Harboe
Heidi Strand Harboe er forfattar og har skrive dikt, salmar og tekstar til barnemusikalar.
Idar Handagard
Idar Antonius Handagard var ein særdeles allsidig forfattar, som engasjerte seg på mange felt, og som skreiv alt frå lyrikk til medisinsk faglitteratur.
Johannes Heggland
Johannes Heggland
Johannes Andreas Martin Heggland, forfattar, historikar og kulturarbeidar. På 67 år skreiv han over 70 bøker, samstundes som han var bonde og hadde tunge verv i lokalpolitikken og kulturlivet.
Jon Hellesnes
Jon Hellesnes
Jon Hellesnes er ein markant og nynorskskrivande filosof og essayist.
Jul Haganæs
Jul Haganæs
Jul Haganæs, norsk forfattar frå Valdres. Han er særleg kjend som lyrikar, men skreiv også noveller og fleire biografiar.
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker, prest, bibelskulelærar og særleg kristenleiar med sterke meiningar om det han trur på.
Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy, forfattar og røyrleggjar. Han har eit godt grep om det poetiske, også når han skriv prosa.
Kjersti Wøien Håland
Kjersti Wøien Håland
Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom.
Klaus Høyem
Klaus Høyem, lærar og hospitalforstandar i Trondheim. Han var tidleg ute med å gjendikte salmar og andre dikt til ein nynorsk som delvis var prega av trønderdialekten.
Knut Hauge
Knut Hauge
Knut Hauge var forfattar og bonde i Vestre Slidre i Valdres.
Knut Horvei
Knut Horvei
Knut Horvei, forfattar og dramatikar. Som sjølvlært bygdemann skapte han ei rekkje verk med ambisiøst stilnivå, inspirert av verdsleiande dramatikarar.
Knut Olav Homlong
Knut Olav Homlong, språkkonsulent, frilansar og forfattar med grunnleggjande skepsis til forteljinga som sjanger.
Kolbjørn Hauge
Kolbjørn Hauge
Kolbjørn Hauge, lærar og forfattar. Krimforteljingar frå vestlandske småbygder vart varemerket hans. For Død mann i boks (1995) fekk Hauge Rivertonprisen.
Kristian Halse
Kristian Halse
Kristian Halse, lærar og politikar, var ei drivande kraft i kulturlivet i Vefsn kommune. Han gav ut bøker og skreiv artiklar om historie og kultur i Mosjøen og Vefsn. Han skreiv òg artiklar om Helgelands kulturhistorie.
Leif Halse
Leif Halse
Leif Torvald Halse, teikneserieforfattar og lokalhistorikar. Han skapte teikneserien Vangsgutane, og med det blei han ein av dei mest lesne nynorskforfattarane.
Liv Holtskog
Liv Holtskog
Liv Holtskog, lyrikar og bonde. Ho skreiv kristen-humanistisk modernistisk poesi med røter i natursansing, telemarkskultur og mytologi. Liv Holtskog voks opp i eit konservativt og haugiansk bondemiljø. Ho lærte bokmål på skulen, men sa at ho måtte lære seg nynorsk for å kunne uttrykkje seg i dikt.
Margunn Hageberg
Margunn Hageberg
Margunn Hageberg, filolog, forfattar og lærar. Ho skriv mest lyrikk og overraskar gjerne med diktopplesing på kafear og gatehjørne.
Marianne Clementine Håheim
Marianne Clementine Håheim
Marianne Clementine Håheim er forfattar, skriv både lyrikk og prosa, og har markert seg med friskt, modig språk og personlege tema.
Marianne Havdal
Marianne Havdal
Marianne Havdal, barnebokforfattar og bibliotekar frå Eidsvåg.
Marius Hægstad
Marius Hægstad
Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.
Mary Hegge
Mary Braa Hegge var lærar og forfattar, busett på Inderøy. Ho skreiv barnebøker, noveller og andre forteljingar og var ein mykje brukt kåsør og prologskrivar i bygda.
Mona Høvring
Mona Høvring
Mona Høvring er ein produktiv og kritikarrost norsk lyrikar og romanforfattar som tematiserer områda erotikk, seksualitet og intimitetsproblem.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen, forfattar og litteraturkritikar. Han er ei lågmælt og særmerkt røyst i den nynorske litteraturen.
Olaus Høydal
Olaus Høydal
Olaus Høydal, lærar og forfattar. Han skreiv barne- og ungdomsbøker, vaksenromanar og sketsjar og den første norske boka om buddhisme.
Olav H. Hauge
Olav H. Hauge
Olav H. Hauge, forfattar og fruktdyrkar som etter kvart vart ein av dei fremste norske lyrikarane på 1900-talet, omsett til over tjue språk og sjølv ein viktig omsetjar av lyrikk.
Olav Hoprekstad
Olav Hoprekstad
Olav Hoprekstad, forfattar, lærar og målmann. Han la ned eit stort arbeid for nynorsk litteratur, lærarrørsla og målrørsla på Vestlandet.
Olav Hougen
Olav Hougen
Olav Hougen var lærar, avisredaktør, kulturpersonlegdom, politikar og bokhandlar i Steinkjer.
Olav Høyem
Olav Høyem
Olav Jakobsson Høyem, lærar frå Byneset som gav ut skulebøker i si eiga landsmålsform. Han kjempa for eit skriftspråk som låg nær talemålet i Trøndelag.
Ole Martin Høystad
Ole Martin Høystad
Otto Hageberg
Otto Hageberg
Otto Annkjell Hageberg, litteraturforskar. Han var ein allsidig formidlar av poesi og prosa og skreiv bøker om Olav Duun og Ragnvald Skrede.
Otto Huseklepp
Otto Huseklepp
Otto Huseklepp var folkehøgskulestyrar, lærebokforfattar og museumsmann, med sterkt engasjement for kristeleg organisasjonsarbeid.
Per Hilleren
Per Hilleren var predikant og forfattar, med store opplagstal for mange av bøkene sine.
Peter Hognestad
Peter Hognestad
Peter Hognestad, bondeson frå Jæren, pioner for nynorsk kyrkjespråk og Noregs første «målbiskop». Som prest og ungdomsleiar ville han halde «norskdom og kristendom» saman.
Paal-Helge Haugen
Paal-Helge Haugen
Paal-Helge Haugen, ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Han er allsidig og har ein stor produksjon også som dramatikar, prosaforfattar, librettoskrivar og gjendiktar.
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland, forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman.
Rune F. Hjemås
Rune F. Hjemås
Rune Fånes Hjemås er forfattar, spaltist og redaktør.
Sigbjørn Heie
Sigbjørn Heie
Sigbjørn Heie, forfattar og lærar frå Tysnes. Forteljingsbøker for barn og unge og var poesi pregar forfattarskapen hans.
Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen
Sigrid Merethe Hanssen, forfattar. Ho skriv mellom anna om avgjerande opplevingar i livet og mangel på kommunikasjon.
Siri Helle
Siri Helle
Siri Helle, agronom og forfattar med sterkt engasjement for miljø, dyrevelferd, berekraftig matproduksjon og matbransjepolitikk.
Sissel Horndal
Sissel Horndal
Sissel Horndal, barnebokforfattar, biletkunstnar, illustratør og grafisk designar.
Sverre Hatle
Sverre Hatle var med i nybrotsarbeid for samisk som skulespråk frå 1960-åra. Seinare vart han ei drivande kraft i arbeidet for dialekt og nynorsk på Nordmøre.
Thore Eithun Helland
Thore Eithun Helland
Thore Eithun Helland, jurist med bustadrett som spesialfelt og forfattar med romanar der juristar er hovudpersonar.
Tore Elias Hoel
Tore Elias Hoel
Tore Elias Hoel er forfattar, særleg kjend for ungdomsromanane sine. Han fekk Blix-prisen for boka Glaskula.
Tormod Haugland
Tormod Haugland
Tormod Haugland, forfattar og essayist som har hausta strålande kritikkar for bøkene sine. Han var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 1998 til 2008.
Trond Hellemo
Trond Hellemo har skrive fleire barnebøker, men er mest kjend for salmar og songar på nynorsk og dialekt.
Veslemøy Haslund
Veslemøy Haslund
Veslemøy Haslund var forfattar, dramatikar, skodespelar og sceneinstruktør. Ho spela eit mangfald av teater- og filmroller og skreiv dokke- og musikkteatermanus.
Øystein Hauge
Øystein Hauge
Øystein Hauge, forfattar, poet, lyrikkritikar og kulturarbeidar.
Aasta Hansteen
Aasta Hansteen
Åsta Holth
Åsta Holth
Åsta Holth, forfattar og forkjempar for skogfinnekulturen, president på livstid for den årlege tre dagar lange Republikk Finnskogen.