Arnold Hallén
Arnold Hallén (1921–2001) var lærar, rektor og forfattar. Han skreiv forteljande bøker for barn og dikt for vaksne.
Mellom barnebøkene er På leiting etter Roald Amundsen (1981), Bjørnen i Blåfjellet (1983), Munnspelet (1984) og Heia Tjukken (1986). Mellom vaksenbøkene er diktsamlingane Kodnbandet (1970), Eit anna liv (1985) og Levande dropar (2000).
Om artikkelen
Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.
Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.
Sist oppdatert: 06.11.2019