
Åsta Holth
Åsta Holth, forfattar og forkjempar for skogfinnekulturen, president på livstid for den årlege tre dagar lange Republikk Finnskogen.
Åsta Holth var fødd 13. februar 1904 i Grue i Hedmark og døydde i Kongsvinger 16. mars 1999. Ho ætta frå skogfinske innvandrarar. Av skulegang hadde ho framhaldskule, hagebruksskule, teiknekurs og tre månader ved Nordisk Folkehøgskule i Genève. Ho arbeidde som hushjelp i Oslo, skreiv vekebladnoveller, dikt og skodespel, før ho slo igjennom med romanen Kornet og freden (1955). Ho hadde då flytta heim til Grue att og hadde gifta seg med Per Vestlien.
Holth publiserte i alt 19 bøker. Mest kjende er dei to trilogiane som er baserte på fars- og morsslekta hennar. Som 75-åring skreiv ho sjølvbiografien Piga. Ho var oppteken av røtene og arbeidde hardt for å gjenskape den skogfinske kulturen. Finnskogbunaden skapte ho på grunnlag av grundige studium av gamle folkedrakter. Holth fekk Kongens fortenestemedalje i gull (1984), Den kvite roseordenen (1994) og Hedmark fylkeskommunale kulturpris (1995).
«Syng for meg, heimbygds skogar»
Syng for meg, heimbygds skogar,
gjennom all verdas larm!
Stilt vil eit ekko svara
inni min eigen barm.
Lys for meg, heimbygds stjerner,
når natta meg blir for svart.
Som over taket der heime
ser eg dykk tindre klart.
Gro over meg, heimbygds blommer,
når ikkje eg puster meir.
Smil, solei, for meg mot sola
når eg ikkje smiler meir.
Diktet «Syng for meg, heimbygds skogar» av Åsta Holth: Porkkalafela. Aschehoug 1946.
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider
Kjelder
Randi Brenden: «Åsta Holth», Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001
Sven R. Gjems (red.): Åsta i våre hjerter, utgitt i høve Åsta Holths 100-årsminne. Grue Finnskog 2003
Åsta Holth: Piga. Oslo 1979
Peikarar
Digitaliserte bøker av Åsta Holth på Nasjonalbiblioteket, nb.no
Vidare lesing
Brenden, Randi: "Kvifor les vi Åsta Holths tekstar i dag?". Norsk litterær årbok (2003), 156-[165]
Gjems, Sven R., red.: Åsta i våre hjerter: utgitt i anledning Åsta Holths 100-årsminne, 2003
NBL 2. utg.
Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne
Sist oppdatert: 13.02.2020