Hopp til innhold
X
Innhald

Gerd Høst

Gerd Høst Heyerdal, professor, forfattar og skodespelar med inngåande kjennskap til tysk kultur og ein sentral brubyggjar mellom Noreg og Tyskland etter krigen.

Gerd Høst var fødd i Oslo 28. mars 1915 og døydde der 1. mars 2007. Ho debuterte som skodespelar på Det Norske Teatret i 1934, hadde oppdrag ved Den Nationale Scene og Nationaltheatret og drog i 1938 til Berlin. Der spela ho ved Deutsches Theater og medverka i tre filmar.

I 1940 kom ho tilbake til Noreg og byrja å studere tysk. Ho vart dosent i tysk i 1960 og professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo i 1969. Magisteravhandlinga (1948) var ein studie av gamaltysk og gotisk språkhistorie. I 1976 skreiv ho Runer. Våre eldste norske runeinnskrifter, som vart eit standardverk for runeforskarar. I alt gav ho ut eit 40-tals vitskapelege arbeid.

Opphaldet i Berlin farga Høst for resten av livet. Ho opplevde det beste av tysk kultur, men vart òg vitne til nazifiseringa. I etterkrigsåra var ho ei drivkraft i forsoningsarbeidet mellom Noreg og Tyskland, ved å minne nordmenn om det verdifulle i tysk kultur. Ho tok initiativ til å opprette Norsk-Tysk Selskap, omsette tyske diktarar og eit storverk om arkeologiens historie (Mennesker og guder i 5000 år) til norsk. Samtidig ivra ho for at nordmenn skulle lære tysk, og ho gav sjølv tyskundervisning på NRK kvar veke frå 1959 til 1969.

Etter at Høst gjekk av som professor i 1985, gav ho ut minneboka Kampen mot glemselen. Glimt fra et vennskap med Elie Wiesel (1987), ein biografi om Ellinor Hamsun, Så mange slags kjærlighet (2004) og ein sjølvbiografi, Cupido og det gamle apotek (1994). I diktsamlinga Syng rune syng (2001) skriv ho på nynorsk.

Høst er heidra med mange prisar. I 1954 fekk ho Kongens gullmedalje for språkforsking, i 1971 ein vesttysk medalje for forsoningsarbeidet, i 1982 Riksmålsforbundets oversetterpris.

 

Kjelder

John Ole Askedal: «Filologen og skuespilleren Gerd Høst Heyerdahl», i Ole Didrik Lærum (red.): Norske forskerprofiler. Bergen 2008

Gerd Høst: Cupido og det gamle apotek, Oslo 1994

Ragnhild Plesner: «Et liv i ord», Aftenposten 1.3.1998

 

Aase Falck: «Gerd Høst, 1905–2007», Norsk oversetterleksikon, oversetterleksikon.no, publisert 16.5.2019: https://www.oversetterleksikon.no/2019/05/16/gerd-host-1915-2007/, [lesedato 15.1.2020]

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Gerd Høst på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 21.10.2020
Sist oppdatert: 21.10.2020