Faktaboks

Hans Hylen

Hans Andreas Jonsson Hylen

Fødd
8. mai 1876, Sand i Ryfylke
Død
4. mai 1961, Sauda

Hans Hylen var ein norsk forfattar, omsetjar, skulestyrar og organisasjonsmann. Hylen var ein av pionerane i Noreg som tolkar av islandsk lyrikk. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 1952 og den islandske Falkeordenen i 1954.

Bakgrunn

Han tok høgare lærarprøve i Stavanger i 1901, hadde eit studieopphald i Oxford i 1909 og tok lærarhøgskulen i 1922–23. Seinare hadde han eit studieopphald på Island i 1938.

Hylen kom til Sauda som lærar i 1901. Frå 1927 til han gjekk av i 1942, var han skulestyrar ved Fløgstad skule. Han dreiv òg kveldsskule for eldre elevar og var klokkar og kyrkjesongar. Hylen var ein markant personlegdom som naut djup respekt og kom til å prege saudabuar i fleire generasjonar.

Forfattarskap

Hylen tok tidleg til å skrive dikt, ofte publiserte i aviser og lokale blad. Gjennom eit langt liv leverte han ei mengd prologar og helsingsdikt til foreiningar og lag. Etter kvart fekk han gitt ut åtte diktsamlingar, og i tillegg ei barnebok. Den første diktsamlinga, Millom Frendar og Framande kom ut i 1929 og inneheldt omsette dikt frå tysk og islandsk. Mellom 1936 og 1939 gav han ut tre bøker med eigne dikt. Men han la aldri frå seg arbeidet med å omsetje dikt frå andre språk til norsk.

Under og like etter andre verdskrigen kom to samlingar med omsette dikt, Millom Frendar. Islendsk lyrikk 1850–1930 (1944) og Ferdafuglar. Lyrisk utval av framande og eigne dikt (1945). To nye diktsamlingar og ei barnebok kom ut etter krigen. Særleg dei omsette dikta viser Hylen som ein fin stilist. Kjærleiken til alt som veks og gror, går som ein raud tråd gjennom alt han skreiv.

Hylen kjende seg særleg knytt til Island og omsette mange dikt av islandske lyrikarar til norsk. For arbeidet med å gjere islandsk lyrikk og kultur kjent i Noreg, vart han i 1954 heidra med den islandske Falkeordenen.

Organisasjonsarbeid

I 1909 var Hylen med og skipa det som fekk namnet Saude Maallag, frå 1911 Saude Ungdomslag. Her var han formann i ni år. I 1921 vart han òg vald inn i styret for Rogaland Foredragslag og Rogaland Ungdomslag, der han sat i seks år, fire av dei som formann. Han vart heidersmedlem både i Sauda Ungdomslag og i Rogaland Ungdomslag. I 1918 var han med og skipa IOGT-losjen Fjellbekken i Sauda og vart den første øvstetemplaren der. Ungdomsarbeid og fråhaldsarbeid var to sider av same sak for Hylen. Frå 1922 til 1945 var Hylen òg styremedlem i Rogaland Lærarlag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olimstad, I.: «Hans Hylen. Ryfylkediktaren som fekk den islandske falkeordenen», i Gamalt frå Suldal, årsskrift for Suldal Sogelag, nr. 13/2011

Faktaboks

Hans Hylen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036642000810

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg