Faktaboks

Kjersti Wøien Håland
Fødd
13. november 1988, Høyanger, Vestland
Kjersti Wøien Håland
Av /Flamme Forlag.

Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.

Bakgrunn

Kjersti Wøien Håland er fødd i Høyanger i Vestland. Ho gjekk på Firda vidaregåande skule, har treårig tekstforfattarutdanning frå Westerdals Høyskole i Oslo (no Høyskolen Kristiania)(2009–2012) og har gått manusforfattarlinja ved Den norske filmskolen i Lillehammer (2013–2016). Håland har vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf i Oslo, har gitt ut fleire lyrikksamlingar og romanar og har vore manusforfattar for mellom anna TV-serien Lovleg.

Forfattarskapen

Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Både i poesi og prosa kjem lesaren tett på individet. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.

Håland debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (2013). Poesien er inspirert av Internett-språk og den tradisjonelle japanske diktforma haiku. Håland freistar å skjere vekk all unødig bruk av ord og set mellom anna søkjelyset på det veksande ønsket vårt om merksemd.

Ein fiktiv stad på Vestlandet, ei bygd i vanskar, gir ramme til handlinga i den første romanen, Dommedøgn (2014). Det vesle samfunnet opplever nedlegging av hjørnesteinsbedrifta, arbeidsløyse og fråflytting. Handlinga vekslar mellom kjensler som meiningsløyse og fellesskap når Håland skriv om distriktspolitikken sine både personlege og samfunnsmessige problemstillingar.

TV-produksjon

Håland er skaparen av ungdomsdramaet Lovleg (2018), ein fjernsynsserie for NRK, SVT og DR. Hovudpersonen er den unge og famlande Gunnhild frå Høyanger, som går på Firda vidaregåande skule og bur i hybelkollektivSandane i Gloppen. Serien tematiserer einsemd, identitet, angst og forelsking. Alle skodespelarane i Lovleg er frå Sogn og Fjordane (no Vestland), og serien har hausta mykje ros for bruken av nynorsk tekst og dialekt.

Utmerkingar

Håland blei nominert til Ungdommens kritikerpris i 2015 for romanen Dommedøgn. Ho fekk toårig arbeidsstipend frå Den norske forfatterforening i 2016. For første sesong av Lovleg blei ho nominert til Medieprisen for beste web-serie, og i 2019 fekk ho Målprisen for serien, saman med produsent Hege Hauff Hvattum.

Bibliografi

  • Vi må spele meir saman (Boksingel, Flamme, 2019)
  • Ikkje vekk dei vaksne (Lyrikk, Flamme, 2019)
  • Rasfare (Flamme, 2018)
  • Kom og hent meg (Lyrikk, Flamme, 2017)
  • Panikk! (Lyrikk, Flamme, 2015)
  • Dommedøgn (Roman, Flamme, 2014)
  • Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (Lyrikk, Flamme, 2013)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg