Hopp til innhold
Forfattar og lærar Olaus Høydal. Fotografering 1950. Kjelde: Schrøderarkivet/Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Inventarnr. FTTF.SCH.V.015419.  Henta frå digitaltmuseum.no, nytta etter avtale.
Forfattar og lærar Olaus Høydal. Fotografering 1950. Kjelde: Schrøderarkivet/Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Inventarnr. FTTF.SCH.V.015419. Henta frå digitaltmuseum.no, nytta etter avtale.
X
Innhald

Olaus Høydal

Olaus Høydal, lærar og forfattar. Han skreiv barne- og ungdomsbøker, vaksenromanar og sketsjar og den første norske boka om buddhisme.

Olaus Høydal var fødd 25. mars 1913 i Seljord og døydde 14. mai 2003 på Notodden. Han var bror til forfattaren Aslaug Høydal.

Høydal vaks opp på garden Anåkosi i Langlim i Telemark, var odelsgut, men drøymde om å få gå på skule og tok ymse arbeid for å tene pengar til skulegangen. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule i Kviteseid, lånte så pengar mot kausjon og tok examen artium på engelsklinja ved Voss landsgymnas i 1941. I 1948–49 tok han eksamen i norsk og historie ved Noregs Lærarhøgskule i Trondheim og i 1953 lærareksamen ved lærarskulen på Hamar.

Høydal hadde vikararbeid i folkeskulen i Flesberg og i Bø i Telemark i 1941–45, var lærar ved Tynset folkehøgskule i 1945–51, Lesja framhaldsskule i 1953–54 og styrar ved Jæren folkehøgskule i 1954–60. Frå 1960 var han lærar ved Heddal framhaldsskule i Notodden.

Hug til skriving hadde han frå han var ung gut. Han debuterte med barneboka Sumaren på Bjånes i 1937. Den siste boka hans, Tussane i Tårenut, kom i 1999. Til saman skreiv han rundt 30 bøker. Mellom barne- og ungdomsbøkene er Gutane i Ranåsheia (1942), Rypefangarane i Rustfjell (1946), Nord i Vårbuli (1947), Villstyring (1948) og Erling rømer heim (1964). Dei fleste er bøker om gutar som utfaldar seg i leik og alvor i naturen. Frode på Færøy-ferd (1967) gir eit bilete av livet på øyane vest i havet.

Den første vaksenromanen hans var Guds skodespelarar (1965), ein bitande kritikk av ei vestlandsbygd, lett attkjenneleg på Jæren og omtalt i bygdeboka for Klepp. Emnet for romanen Kjellaug (1967) er ungdom i opposisjon til foreldre og samfunn, Steborn (1969) tek for seg situasjonen for dei som kjem til kort i ungdomsskulen, og Narresmokken (1974) handlar om eit ungt par som oppdagar at dei skal ha barn og giftar seg utan å vere budde på det livet som ventar. Berget opnar seg (1972) skildrar ungdomsliv og kulturelle motsetnader i ei fjellgrend i 1930-åra.

Siste akt (1971), Teater Mystica (1975) og Det store UH (1976) er symbolske eller allegoriske romanar. Dei to første er ein kritikk av kortsynt materialisme, den siste ein roman om mennesket i kosmos og dei gode og vonde kreftene i tilværet: Som du sår, skal du hauste. Steinar for brød (1981) er ei bok om unge menneske på leiting etter åndeleg fotfeste.

Høydal skreiv sakprosabøkene Frå ungdomsliv til ekteskap (1955) og Buddhismen (1963). Boka om buddhismen var den første norske boka om dette emnet. Ho tek for seg Theravada, den retninga i buddhismen som truleg står nærmast Buddha si eiga lære. Professor Georg Morgenstierne skreiv føreordet.

Boka Med sveitten i andletet (1985) fortel om oppveksten i Seljord, og Trollbu-brev (1993) er stutte, tenksame kvardagsobservasjonar skrivne i den vesle tømmerhytta han bygde seg i fjellbandet vest for Langlim. Huldredansvisa «På Finneburoet» vart tonesett av Kjell-Oskar Selman og er prenta i ei samling som Seljord viselag gav ut i 1976.

Høyland var elles interessert i amatørteater og skreiv spelstykket Helteliv (1953) og fire sketsjar samla i boka Gap og gjøn (1954).

I 1995 fekk han Heddal og Notodden Mållag sin målpris for god bruk av nynorsk.

Han kjende seg heime i buddhistisk tenking. På gravstøtta i Seljord står Buddhas ord: «Ver ditt eige ljos».

Kjelder

Kaare Bakken: «Ein kulturberar fyller 90», Telemarksavisa 25.3.2003

Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966

Kari Flaata Halling: «Yogafrelst buddhist, filosof og forfatter», Vi rundt 60 nr. 6–7/1993

Aslaug Høydal: Minneord, Nationen 4.6.2003

Olaus Høydal: Buddhismen. Oslo 1963

Olaus Høydal: Med sveitten i andletet. Forteljing frå oppvoksteren min. Notodden 1985

Olaus Høydal: «Minne om Vossa-tida mi», i Voss Bygdeboknemnd ofl. (red.): Gamalt frå Voss 1993, Voss 1993

Olaus Høydal: Trollbu-brev. Notodden 1993

Berger Lindanger og Hallvard Nordås: Klepp. Bygdesoge 1837–1987. [Klepp] 1987

Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1941. Oslo 1966

Kjell-Oskar Selman ofl. (red.): – og bygdi syng. Viser frå Seljord. Oslo 1976

Erling Sølvberg ofl. (red.): Jæren folkehøgskule 1899–1974. [Klepp] 1974

Peikarar

Olaus Høydal: Buddhismen. Oslo 1963. Digital utgåve, nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007032101106

Olaus Høydal: Med sveitten i andletet. Forteljing frå oppvoksteren min. Notodden 1985. Digital utgåve, nb.no http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007080600055

NRK Radio: «På livet laus». Åshild Ulstrup intervjuar Olaus Høydal, 1998, urn.nb.no https://www.nb.no/nbsok/nb/599a29dffc985ff9cbce2db7d0b57b57?index=25

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 22.11.2019