Hopp til innhold
Ole Martin Høystad. Foto: Høgskolen i Sør-Øst-Norge. Nytta etter avtale med høgskulen.
Ole Martin Høystad. Foto: Høgskolen i Sør-Øst-Norge. Nytta etter avtale med høgskulen.
X
Innhald

Ole Martin Høystad

Ole Martin Høystad, litteratur- og kulturvitar som har vore med på å etablere tverrfaglege kulturstudiar som akademisk, humanistisk disiplin i Noreg.
Høystad er fødd 16. november 1947 og voks opp på Ringebu. Han blei dr.philos. i 1987 og er i dag professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Syddansk Universitet og Høgskolen i Telemark. Ved sistnemnde lærestad har han sidan 1999 etablert kulturstudiar som forskingsfelt og studium på hovudfags- og seinare masternivå. Han er medforfattar av Kulturstudier. En innføring (2008).
 
Høystad har bakgrunn som nordist og litteraturvitar, men alt i doktoravhandlinga om Olav Duun reiser han tverrvitskaplege problemstillingar gjennom å drøfte filosofiske tema med utgangspunkt i språklege analysar. Han har sidan skrive dei kultur- og mentalitetshistoriske framstillingane Det menneskelege og naturen. Innføring i filosofisk antropologi (1994) og Hjertets kulturhistorie. Frå antikken til vår tid (2003). Sistnemnde bok er omsett til ei rekkje språk. Høystad har også gitt ut studien Bildeunivers eller bilde av universet? Per Højholts poetiske Praksis (1998).
 
Kjelder
Innlegg ved Ole Martin Høystads doktordisputas (Walter Baumgartner, Sigurd Aa. Aarnes, Ole Martin Høystad), NORskrift nr. 63. Universitetet i Oslo 1990
Bjarte Vandeskog: «Ole M. Høystad: Hjertets kulturhistorie. Frå antikken til vår tid», Norsk antropologisk tidsskrift nr. 1/2006

Først publisert: 02.02.2010
Sist oppdatert: 31.08.2010