Faktaboks

Otto Hageberg

Otto Annkjell Hageberg

Fødd
12. juli 1936, Fitjar, Vestland
Død
24. november 2014, Oslo

Otto Hageberg var ein norsk litteraturforskar. Han var ein allsidig formidlar av poesi og prosa, og skreiv bøker om mellom andre Olav Duun og Ragnvald Skrede.

Bakgrunn

Otto Annkjell Hageberg var fødd i Fitjar i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium på norrønlinja ved Voss off. landsgymnas i 1956 og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1965. Emnet for hovudoppgåva var Tor Jonssons dikting.

Litteraturvitskapen

Hageberg var tilknytta Universitetet i Oslo frå 1964, først som vitskapleg assistent, så som universitetslektor og førsteamanuensis, og 1985–2006 som professor i nordisk litteratur.

Hageberg redigerte ei rekkje essayantologiar, mellom anna Omkring «Peer Gynt» (1967), og utval av hans eigne litterære essay er samla i Frå Camilla Collett til Dag Solstad. Spenningsmønster i litterære tekstar (1980) og På spor etter meining. Essay om samtidslitteratur og om litterær tradisjon (1994). Han skreiv talrike artiklar og innleiingar og var mykje nytta som kritikar.

I 1996 gav han ut to bøker om Olav Duun: Forboden kjærleik, som er ein studie i spenningsmønster i Duuns dikting, og Olav Duun, som bringar ukjende sider ved Duuns livshistorie for dagen.

I 2003 gav han ut Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede, som detaljert følgjer rettssaka mot Skrede i 1936 og viser korleis han reiser seg etterpå og blir ein høgt respektert lyrikar og ein av dei viktigaste litteraturkritikarane i si tid.

I 1967 var han medredaktør av artikkelsamlinga Kontur og kontrast, ei sentral debattbok om norsk språk og kultur. Han var òg medforfattar til lærebøker i litteratur for ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Hageberg gav mellom anna ut Hovedlinjer. Norsk litteraturhistorie for den videregående skolen (1986, saman med Tom Christophersen).

Utmerkingar og verv

Otto Hageberg var i mange år styremedlem i Gyldendal Norsk Forlag. Han var òg medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. I 1997 vart han tildelt Norsk språkpris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andersen, Per Thomas (red.): Lesing og eksistens. Festskrift til Otto Hageberg. Oslo 2006
  • Forr, Gudleiv og Vold, Helge: Landsgymnaset. Oslo 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg