
Øystein Hauge
Øystein Hauge, forfattar, poet, lyrikkritikar og kulturarbeidar.
Øystein Hauge er fødd 10. desember 1956 i Vegårshei i Agder og bur i Elnesvågen i Hustadvika i Møre og Romsdal. Han debuterte som lyrikar i 1987 med Alle dei svarte fuglane. I 2000 kom haikusamlinga Grønt. Han har publisert fleire bøker med kulturelle tema, ofte med humoristisk vri, mellom anna anekdotesamlinga Forfattarliv og røre i 1991.
Han har gitt ut seks diktsamlingar. For Predikanten (2012) fekk han Sørlandets litteraturpris. Hauge har arbeidd som rådgivar for militærnektarane i Noreg, har vore programansvarleg for Bjørnsonfestivalen og sit i Internasjonalt Utvalg i Den norske Forfatterforening.
Om artikkelen
Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.
Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.
Sist oppdatert: 08.09.2020