Hopp til innhold
X
Innhald

Per Hilleren

Per Hilleren var predikant og forfattar, med store opplagstal for mange av bøkene sine.

Per Hilleren var fødd 7. juni 1906 på Veitastrond i Sogn og døydde 23. april 1994 i Sogndal.

Då Hilleren var 13 år gamal, kjøpte faren gard i Sogndal, og familien flytte dit. Etter folkeskulen gjekk han framhaldskulen, seinare eitt år på Framnes Folkehøgskule i Hardanger og ein vinter på Sogndal folkehøgskule.

I 1928 gifta han seg og vart bonde på Selseng i Sogndal. I 1932 kjøpte han eit gardsbruk i Brekke i Ytre Sogn og flytta dit. I desse åra reiste han rundt og selde bøker, både eigne og andre sine. I 1936 fekk han stilling i Balestrand, som styrar av den gamle futegarden Asklund, der det dette året var starta ein kristeleg folkehøgskule.

Frå 1938 til 1942 budde Hilleren i Bergen, der han først var tilsett i Lunde forlag og deretter i Ansgar, to forlag som gav ut kristelege bøker. I 1942 flytta familien attende til Balestrand. Etter krigen var han igjen tilsett i Ansgar, med arbeidsplass i Oslo. Frå 1948 til 1953 budde familien i Hokksund, før dei igjen busette seg i Bergen. Her vart dei buande til 1966. I desse åra i Bergen reiste Hilleren som predikant for Den indre Sjømannsmisjon, men arbeidde også ei tid i Blå Kors, var skribent i avisa Dagen og ei stund redaktør i Fiskernes Venn. I 1962 hadde han eit halvt års opphald i New York, i eit vikariat som assistent i sjømannskyrkja.

I 1966 vende Hilleren heim att til Sogndal, der han vart buande resten av livet. Ei kort tid var han redaktør for lokalavisa Sygnabladet, men måtte gi seg på grunn av sjukdom. Sygnabladet eksisterte berre eit års tid, 1966–67.

I alle år frå midt i 1930-åra var Hilleren predikant, og reiste rundt som forkynnar for fleire kristelege organisasjonar. Medan han var i Hokksund, reiste han for Kristeleg Folkeparti i 14 månader.

Hilleren debuterte som forfattar i 1928 med prosadiktet Kveldssol. Seinare kom det om lag 50 bøker til, dei aller fleste romanar. Men han skreiv òg sakprosa og forteljingar for barn. Den siste boka var sjølvbiografien Minneskog (1981). Fleire av romanane vart selde i 30 000 eksemplar, mellom anna Du hører dalen til (1940) og Tunsvoll. Vårstormer (1942). Hilleren skreiv på begge målformene, men det skjer ei endring i løpet av forfattarskapen. Før 1940 er dei aller fleste bøkene hans på nynorsk, etter 1940 er nynorsk unntaket.

Hillerens bøker høyrer til den kristelege populærlitteraturen, som vart produsert og seld gjennom eit eige litterært krinsløp, med eigne forlag, bokhandlarar og eit lesande publikum som var knytt til den kristne lekmannsrørsla. I romanane til Hilleren er handlinga lagd til vestnorske bygdemiljø, med ein nokså tydeleg skepsis mot byen og moderne kulturliv. Bøkene er prega av detaljerte miljøskildringar, der arbeid og nøysemd er positive verdiar. Omvending og tru er sentrale element i romanane, med ei sterk vektlegging av dei kristne sitt særskilde ansvar for å forvalte ressursane på jorda. Eit par av romanane har Israel og israelsfolket som emne. Gull og kjærlighet (1939) er eit oppgjer med Hitler og nazismen.

Kjelder

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde 1978

Jarle Bondevik: «Per Hilleren – forfattar og forkynnar», Bjørgvin: kyrkjehistorisk årbok 1994

Per Hilleren: Minneskog. Oslo 1981

Ingrid Nymoen: «Den kristne populærromanen i Norge», i Eyvind Skeie og Tove Pemmer Sæthre (red.): Kristen tro i romanen. Oslo 1985

Ingrid Nymoen: «Forfattaren Per Hilleren til minne», Bjørgvin: kyrkjehistorisk årbok 1994

Peikarar

Digitaliserte bøker av Per Hilleren på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Per Hilleren på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 27.06.2019