Hopp til innhold
Foto: Rikke Åserud
Foto: Rikke Åserud
X
Innhald

Thore Eithun Helland

Thore Eithun Helland, jurist med bustadrett som spesialfelt og forfattar med romanar der juristar er hovudpersonar.

Thore Eithun Helland er fødd 12. mars 1965 i Sogndal, oppvaksen i mellom anna Leikanger og Norheimsund og busett i Oslo. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Bergen (1985–1992), har arbeidd som resepsjonist i Norheimsund, vore dommarfullmektig i Stjør- og Verdal herredsrett (1993–94), Sunnfjord heradsrett (1994–96) og Oslo tingrett (2005–07). Han har òg vore rådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet (1996–2005). Frå 2007 har han arbeidd som advokat i Huseiernes Landsforbund.
Helland debuterte som forfattar i 2003 med romanen Bitterhonning blues, om den nyutdanna juristen Anders som bryt med sambuaren, flyttar heim til Norheimsund for å arbeide som resepsjonist og treffer andre kvinner. Han blir til slutt tvinga til å ta eit val mellom kjærleik og lojalitet, i ei underhaldande og velskriven historie.
I 2008 kom underhaldningsromanen Natta blir til regn. Hovudpersonen Karl Ødegård arbeider ved eit advokatkontor i Oslo. Han gjer feilgrep, blir innhenta av fortida og prøver å arbeide seg gjennom uføret ved å skrive. Eithun Helland lèt lesaren få innsikt i det Karl skriv.
I 2013 kom den første kriminalromanen  hans, Farleg kreditt.  Historia er underhaldande, men også utradisjonell om den ikkje heilt vellukka rockemusikaren Elvin Evjo som hamnar i trøbbel.
Kjelder
Telefonsamtale med Thore Eithun Helland 26.6.2011
Thore Eithun Helland, forfattarside, Samlaget.no, http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/H/Thore-Eithun-Helland.aspx [lesedato 26.6.2011]
Peikarar

Først publisert: 22.11.2011
Sist oppdatert: 26.03.2014