Hopp til innhold
X
Innhald

Trond Hellemo

Trond Hellemo (f. 1940 i Lenvik) er lærar og busett i Senjahopen. Han har skrive fleire barnebøker, men er mest kjend for salmar og songar på nynorsk og dialekt. Dette fekk han Blixprisen for i 2004. Eit utval av det han har gjort, med melodiar av Ivar Jarle Eliassen, kom ut i 2006 under tittelen No ror ei natt seg ut frå land. 

Hellemo har også skrive fleire librettoar til kyrkjelege spel med bibelske tema særleg retta mot konfirmantar. Ein del av songtekstane hans står også i diktsamlinga Utanfor allfarveg. Det er eit tydeleg regionalt preg og eit nordnorsk landskap i det han skriv.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.10.2018
Sist oppdatert: 25.03.2019