Hopp til innhold
Faksimile av teaterprogrammet til eventyrspelet Trollets hjerte (1996). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av teaterprogrammet til eventyrspelet Trollets hjerte (1996). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Veslemøy Haslund

Veslemøy Haslund var forfattar, dramatikar, skodespelar og sceneinstruktør. Ho spela eit mangfald av roller ved ei rekkje teaterinstitusjonar og på film, og ho skreiv manus til dokketeater og musikkteater.

Veslemøy Margaret Haslund var fødd 8. april 1939 i Oslo og døydde 7. november 2005. Som skodespelar debuterte ho på Trøndelag Teater i 1959. Ho arbeidde som både skodespelar, omsetjar, dramatikar, regissør og manusforfattar for mellom anna Det Norske Teatret, Den Nationale Scene og Nationaltheatret. Haslund debuterte på film i 1967 og har medverka i ei rekkje norske filmar, og i Fjernsynsteatret.

Som skodespelar markerte Haslund seg gjennom Nationaltheatret si oppsøkjande verksemd i 1970-åra. Ho hadde òg sentrale roller i teateroppsetjingane An-Magritt av Johan Falkberget og Ungen av Oskar Braaten. Etter debuten i filmen Det største spillet, hadde ho mellom anna roller i Vårnatt (1976), Formynderne (1979) og Kristin Lavransdatter (1995). Haslund hadde òg ei rolle i fjernsynsserien Familiesagaen De syv søstre (1999–2000).

Haslund har skrive teatermanus både på bokmål og nynorsk, og som skodespelar har ho framstilt karakterar med mange ulike dialektar. I hennar eigne verk spelar det eventyrlege og fantastiske ei stor rolle, med vekt på humor, fabulering og overraskande poeng. Ho debuterte med eige teatermanus i 1996 med eventyrspelet Trollets hjerte, der ho leikar seg med dei gamle rolleforventningane og utfordrar eventyrtradisjonen. I 2002 skreiv Haslund om livet til ein legendarisk felespelar, Ei fantastisk forteljing om felemannen Fykerud, som vart framført som musikkteater ved Teater Ibsen.

 

Kjelder

Sceneweb: «Veslemøy Haslund», omtale av verk og medverknad, sceneweb.no: https://sceneweb.no/nb/artist/18917/Veslemøy_Haslund-1939-4-8 [lesedato 20.11.2019]

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Veslemøy Haslund på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Innslag/teaterframsyningar der Haslund har medverka, i NRK sitt arkiv, nrk.no

Først publisert: 06.10.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020