Hopp til innhold
Foto: Tove K. Breistein/ Oktober Forlag
Foto: Tove K. Breistein/ Oktober Forlag
X
Innhald

Eirik Ingebrigtsen

Eirik Ingebrigtsen, romanforfattar som skriv intellektuelt utfordrande romanar, prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum , litteraturkritikar og spelar på forfattarlandslaget i fotball.

Eirik Ingebrigtsen er fødd 5. mai 1975 i Os i Hordaland og bur no i Oslo. Han er utdanna cand.mag. frå Universitet i Bergen, med faga teatervitskap (1995) og medievitskap (1998). Han var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland 1999/2000 og har teke forfattarutdanninga Litterär gestaltning ved universitetet i Göteborg (2000–2002). Han arbeider som prosjektansvarleg i Norsk Forfattersentrum i Oslo og står bak litteraturprogramma Litteratur på Mono og den månadlege Forfattarførelesinga. Han er òg med på forfattarlandslaget i fotball, som spela den første kampen sin i 2008.
Ingebrigtsen debuterte i 2001 med romanen Vesen, som kan karakteriserast som ein litterær road movie (reisefilm). I 2003 kom romanen Snø dempar lyd, tre lukkar inne. Seinare har han gitt ut Vendrakovic (2006), Viddesyn (2009) og Heimfall. Ei juleforteljing (2012). I 2011 kom boka Respons 22/7 som Ingebrigtsen redigerte saman med Gunstein Bakke. Romanen Heimfall – Ei juleforteljing, om ein mann som blir hjelpelaus i sitt møte med døden, kom i 2012. Ingebrigtsen er oppteken av menneskesinnet, har ei tydeleg forteljarrøyst og skriv intellektuelt utfordrande romanar. Han har fått svært gode kritikkar.
I 2007 blei Ingebrigtsen vald ut som norsk forfattar til «Scritture Giovani», som er eit europeisk litteraturprosjekt der unge, talentfulle forfattarar er med. Ingebrigtsen vart tildelt Sultprisen i 2013.
Vesen
Han debuterte med romanen Vesen i 2001. Hovudfagstudenten i etnologi, Greger Fresting, bryt opp og legg ut på vegen etter at kjærasten gjer det slutt. Saman med Steinar og Woyzeck, som han treffer som jordbærplukkar, legg han ut på ei reise rundt i landet for å selje reingjeringsmaskiner.
Ingebrigtsen har eit stilsikkert språk med mange fine detaljar og menneskeskildringar. Gjennom ein forsiktig observerande forteljar og med underfundig humor blir Greger si leiting etter sin eigen veg skildra. Reisa fører Greger nærmare seg sjølv, gjennom at han gjennomarbeider fortida og tenkjer på framtida. Ingebrigtsen skildrar møta mellom stader og kvilelause menneske på ein varm og mjuk måte, og han har ei evne til å sjå mennesket som gjer romanen spesiell og annleis.
Snø dempar lyd, tre lukkar inne
I Snø dempar lyd, tre lukkar inne møter vi tre generasjonar av menn ein kald vinterdag: bestefaren Johan, faren Einar og sonen Sigurd. Dei er i overgangsfasar i livet, mellom det trygge og det kaotiske. Romanen er sår, klok og vakker, og han handlar om tragediar og trivialitetar, mannleg hjelpeløyse, tap av kone og mor og korleis dei tre mennene strevar med å få kontakt med kvarandre og seg sjølve, både emosjonelt og fysisk.
Forteljarposisjonen er allvitande og vekslar mellom dei tre hovudpersonane. Ingebrigtsen kjem under huda på personane ved å bruke ulik syntaks, rytme og ordval.
Vendrakovic
Den 69 år gamle skodespelarinna Elena Vendrakovic blir sparka frå det slovakiske nasjonalteateret i Bratislava, og ho aksjonerer mot oppseiinga frå scena midt i eit stykke. Ingebrigtsen skriv truverdig og lagar eit autentisk og heilstøypt kunstnarportrett og eit livskraftig møte med hovudpersonen, som er ei kvinne som ikkje vil la seg definere etter alder. Romanen er medrivande, empatisk, humoristisk og full av små, morosame observasjonar, og språket er nært og tett, med levande detaljar.
Viddesyn
Viddesyn (2009) er ei original historie om syn, sansing og synslidingar som Ingebrigtsen skriv enkelt, finurleg og kunnskapsrikt om. Hovudpersonen og biletkunstnaren Sara Klingmot har problem med synet. Høgdegliding kallar ho det, og det gir henne vanskar som utøvande kunstnar. Men ubalansen hennar ligg ikkje berre i synsproblema.
I tillegg inneheld romanen novella «Kongleprøven» og diktsamlinga «Utsnitt av foss overraska av kulde» av J. Mallang, som er doktoren til hovudpersonen. Språket er sanseleg, finurleg, underhaldande og morosamt, og romanen er intellektuell, utfordrande og givande.
Kjelder
Eirik Ingebrigtsen, forfattaromtale på oktober.no: http://www.oktober.no/nor/forfattere/norske/ingebrigtsen_eirik [lesedato 2.12.2010]
Anders A. Fitje: «Lite tablå, stor ramme», bokomtale av Vesen, publisert 2.2.2002: http://www.dagogtid.no/arkiv/2002/05/bokm2.html [lesedato 2.12.2010]
Odd W. Surén: «Portrett av kunstnaren som gammal kvinne», bokomtale av Vendrakovic, publisert 4.3.2006: http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=640 [lesedato 2.12.2010]
Maya Troberg: «Stø debut», bokomtale av Vesen, publisert 26.11.2001: http://www.dagbladet.no/kultur/2001/11/26/297400.html [lesedato 2.12.2010]
Margunn Vikingstad: «Forførande viddesyn», bokomtale av Viddesyn, publisert 15.1.2010: http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1676 [lesedato 2.12.2010]


Sist oppdatert: 26.03.2014