Hopp til innhold
Anders O. Klakegg. Foto: Firda.
Anders O. Klakegg. Foto: Firda.
X
Innhald

Anders O. Klakegg

Anders O. Klakegg, bonde og forfattar. Han skreiv historiske romanar og førte vidare Albert Joleiks bygdebok for Jølster.

Anders O. Klakegg var fødd 30. mars 1913 i Jølster og døydde i Førde 18. juli 1990. Som ung rekrutt tenkte han ei tid på å velje militær utdanning, men slo det frå seg og tok over odelsgarden. Faren heitte Ola, og sonen skreiv seg Anders O. Klakegg.
I 1965 braut han opp og pakta garden bort for å kunne skrive. Han hadde skrive tidlegare òg, men då artiklar i aviser og blad. Kanskje var den første skjønnlitterære teksten han publiserte, ei novelle i avisa Firda 25 år tidlegare. No kom det på rad og rekkje tre historiske romanar med motiv frå Jølster på 1600-talet, Heksespel (1965), Galgefossen (1967) og Audunsvollen (1971), forteljingar om strev og slit, kjærleik og hat, tru og ovtru og om sosiale brytingar.
Han følgde opp med romanane Dragsoget (1977) og Eitt folk (1980), som hadde motiv nærare vår eiga tid og frå andre miljø. Seinare kom sakprosaboka Astrup, Kinck og Jølster (1987), som for første gong offentleggjorde brevvekslinga mellom dei to kunstnarane.
I åra 1972–84 arbeidde Klakegg med bygdeboka for Jølster. Det 1100 sider store verket kom ut i 1985, fører vidare Albert Joleiks Soga om Jølst og dekkjer perioden 1801–1974.
Klakegg var medlem av Den norske Forfatterforening frå 1968 og hadde reisestipend til mellom anna Island, Færøyane og USA. Han hadde òg statens garantiinntekt for forfattarar.
I 1985 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.
Kjelder
«Anders O. Klakegg til minne». Firda 24.7.1990
«Dagens navn», Aftenposten 29.3.1988
Lars Fjell: «Anders O. Klakegg er borte». Jul i Sunnfjord 1990. Førde 1990
Ludvig Jerdal: « Anders O. Klakegg». Bergens Tidende 24.7.1990
Anders O. Klakegg: Astrup, Kinck og Jølster. [Bergen] 1987
Anders O. Klakegg: Audunsvollen. Oslo 1971
Anders O. Klakegg: Bygdebok for Jølster. Ættesoge 1801–1974. [Skei] 1985 
Anders O. Klakegg: Galgefossen. Oslo 1967
Anders O. Klakegg: Heksespel. Oslo 1965
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018