Hopp til innhold
Faksimile av framsida til boka Armholemørker (1997). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til boka Armholemørker (1997). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Ingvild Røstbø Kausland

Ingvild Røstbø Kausland er lyrikar og barnebokforfattar, og ho spelar på vidt ulike strengar i verka sine. Tekstane spenner frå relasjonar og erotikk i vaksenlivet til innsiktsfull forståing for barnet si einsemd og lengt etter tryggleik.

Ingvild Røstbø Kausland er fødd 27. april 1974 i Molde og er busett Bergen. Ho gjekk ved Krohnsminde videregående skole i Bergen, har teke examen philosophicum ved Universitetet i Bergen (1998) og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland (1997–98). Kausland arbeider som reinhaldsteknikar for Hordaland fylkeskommune.

Forfattaren skriv på nynorsk og har gitt ut poesi, barnelitteratur og tekstar for ulike tidsskrift. Tematikken i lyrikken hennar sirklar ofte rundt møte mellom menneske, og stilen er kroppsleg og nær. Mange av dikta er personlege og tankevekkjande. Tekstane har fleire lag, og det usagte kan ofte vere den viktigaste bodskapen. Språket er klart, enkelt og kvardagsleg, med treffande bilete og uventa, underfundige formuleringar.

Kausland debuterte i 1997 med diktsamlinga Armholemørker, der kvinner sitt liv, og forholdet mellom kvinner og menn, står i sentrum. Forfattaren vekslar mellom prosalyrikk og haikuliknande kortdikt, som kan minne om ordtak. Det allmenne preget i dei korte dikta gir kontrast til meir personlege og intime dikt i forteljande stil. Biletboka Veldig blå (1999) handlar om ein gut og ein gyngehest som gir trøyst når mor og far er uvener. Ved å ta barnet sine kjensler og tankar på alvor gir forfattaren det barnlege perspektivet i biletboka truverd og varme.

 

Kjelder

Digital samtale med Ingvild Røstbø Kausland 16.11.2019

 

Ingvild Røstbø Kausland, bibliografi, offentlige bibliotek, griegforskning.no: http://www.griegforskning.no/litteratur/vestlandsforfattere/presentasjon-av-forfatterene/kausland [lesedato 14.11.2019]

 

Peikarar

Hadle Oftedal Andersen: «Sommarlesing i lite format», dagogtid.no, publisert 23.5.1997

Digitaliserte bøker av Ingvild Røstbø Kausland på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Intervju med Ingvild Røstbø Kausland, bergenbibliotek.no, publisert 9.10.2003

Først publisert: 06.10.2020
Sist oppdatert: 12.10.2020