Faktaboks

Jon Klæbo
Fødd
15. september 1839, Glein på Dønna, Nordland
Død
29. august 1874, Utne i Hardanger, Vestland

Jon Klæbo var ein norsk forfattar, lyrikar og skribent. I si samtid var Klæbo ein anerkjend forfattar. Mest kjend er han for folkelivsskildringar frå Nordland, mellom anna forteljinga Ho Dun-Sesel. Klæbo tok tidleg landsmålet i bruk i diktinga si og vart ein ivrig forkjempar for målsaka.

Utdanning og arbeidsliv

Kløbo var fødd på Dønna og tok lærareksamen ved seminaret i Tromsø i 1859. Etter ei tid som huslærar i Lyngen reiste han til Christiania der han tok examen artium i 1864 og førebuande prøver til universitetet året etter. Klæbo tok tidleg landsmålet i bruk sjølv om han skreiv artiklar og bokmeldingar på dansk.

Forfattarskap

Klæbo var djupt religiøs, og han var oppteken av litteratur, filosofi og historie. Som fleire nordlandske bondestudentar engasjerte han seg i målrørsla, mellom anna i miljøet kring tidsskriftet Svein Urædd.

I aviser og tidsskrift publiserte han dikt og forteljingar, til dømes Ho Dun-Sesel (1973), men også lange artikkelseriar som «Træk af det norske folks aandsliv» (1868) og den første biografien over A. O. Vinje (1873-74; uavslutta).

Skrivinga tok etter kvart mykje tid, og ved sida av arbeidet som lærar, blei det lite tid til teologistudiet han hadde begynt på. Tæringssjukdomen mot slutten av 1860-åra gjorde at han i 1871 flytte til Hardanger i håp om å bli frisk. Han døydde like før 35-årsdagen, og er gravlagd på Kinsarvik kyrkjegard.

Samleutgåver

Det meste som Klæbo skreiv blei samla og gjeve ut i boka Digte og Fortælllinger samt A. O. Vinjes Livshistorie (1888), medan eit nynorsk utval kom ti år seinare, Songar og sogor (1898).

I 2013 blei ein omfattande biografi og alle dikta og forteljingane som Klæbo skreiv frå Nordland gjeve ut på nettsida bokselskap.no under tittelen Nordlandsliv. Med mindre endringar kom papirutgåva av denne boka ut i 2018. Båe utgåvene er i modernisert språkform ved Hans H. Skei.

Minnesmerke

På heimstaden blei det i 1934 reist ein bauta til minne om den løfterike diktaren som døydde så ung.

Familie

Jon Klæbo var fetter av biskop Anton Chr. Bang.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ove Bakken: «Ein Nordlands-diktar. Litt um og av Jon Klæbo». Haaløygminne 4. Harstad 1933
  • John Klæbo (utg. Hallvard G. Heggtveit): Digte og Fortællinger samt A.O. Vinjes Livshistorie. Kristiania 1888
  • John Klæbo (utg. Hallvard G. Heggtveit): Songar og Sogor. Kristiania 1898
  • Jon Klæbo (utg. Ove Bakken): Dikt. Oslo 1934
  • Hans H. Skei: «Jon Klæbo – diktar og folkeopplysningsmann». Vegen til bøkene. Artiklar om norsk litteratur. Oslo 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg