Faktaboks

Marit Kaldhol

Marit O. Kaldhol

Fødd
13. april 1955, Ålesund
Marit O. Kaldhol
Marit O. Kaldhol.
Av /Samlaget.
Farvel, Rune

Biletboka Farvel, Rune handler om ein liten gut som druknar, og korleis venninna Sara handterer sorga og førebur seg på å leve vidare. Boka er skriven av Marit Kaldhol og illustrert i akvarell av Wenche Øyen.

Av .

Marit Kaldhol er ein norsk forfattar med internasjonalt gjennomslag. Kaldhols særmerke er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge. Ho har i tillegg gitt ut lyrikk, noveller og romanar for vaksne.

Stil

Sidan debutboka har Marit Kaldhol skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Det er bøker for små barn med tekst og bilete, lettlesne bøker og bøker for større barn og ungdom. Ho har òg skrive for barnetimen for dei minste i NRK.

Skrivestilen til Kaldhol er enkel og direkte, med korte og greie hovudsetningar. Bøkene er lettlesne, men i innhaldet følgjer teksten dei innfløkte tankane som barn kan ha. Bøkene verkar enkle fordi forfattaren skriv etter kjende mønster – tretalsformelen frå eventyra, fyndord og ordtak. Samtidig skildrar dei komplekse tilstandar. Oppattakingar, ordspel og rytme manar fram det mystiske og usagde og gir mange meiningslag.

Bakgrunn

Kaldhol er fødd og bur i Ålesund. Ho har lærarutdanning frå 1977, grunnfag i kristendomskunnskap frå 1978, årskurs i moderne dans frå 1979 og mellomfag i nordisk frå 1991. Ho tok dessutan grunnfag i spansk/latinamerikanske studiar i 1998. Kaldhol har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen og held skrivekurs for lærarar, kunststudentar og andre.

Ho var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983 og var leiar av laget i fleire år. I Det litterære rådet i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere var ho nestleiar 2001–2003 og leiar 2003–2005.

Forfattarskap

Kaldhol debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken. Barneboka Farvel, Rune har oppnådd fleire internasjonale barnebokprisar, Premio Europeo Pier Paolo Vergerio i 1987 og Deutscher Jugendliteraturpreis i 1988. I 2001 fekk ho Samlagsprisen. Kaldhol fekk Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur for Kino (2006) og for Søkeord: ayotzintli (2010), og Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet. I 2019 blei Søkeord: ayotzintli kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Biletboka Farvel, Rune (1986, illustrert av Wenche Øyen) er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangeren. Boka skildrar sorga til ei småjente som misser leikekameraten sin ved ei drukningsulykke. Boka er omsett til over tolv språk og utgitt i mange land, mellom anna Japan, USA og Canada. Dette er den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

Barns forhold til døden er tema i fleire barnebøker av Kaldhol. Ho skriv direkte og varsamt, usentimentalt og innlevande om barn som misser og sørgjer, tenkjer og undrast og forstår det som skjer, på sine måtar. Og låste med ein hengelås (1991, Sirius-serien) handlar om ein kjær morfar som døyr, kva som er borte med han, og kva som lever vidare etter han.

Ungdomspoesi

Kaldhol skriv lett tilgjengelege og psykologisk gjenkjennelege tekstar for ungdom, samtidig som ho bryt kvardagsrealismen og fabulerer i ukjende fantasiland. Ungdomsromanen Har du peiling på fisk? (1999) handlar om ein ung gut på evig leiting etter ein far som kanskje omkom i ei bilulukke før han var fødd. Guten kolliderer med sykkelen, misser livet og kjem til himmelen, der han møter John Lennon og Ivar Aasen.

Diktboka Ho som ror (2007) er eit høgdepunkt i ungdomslitteraturen til Kaldhol. Dikta fortel om ei ung jente som grip årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der ungjenta sansar og utforskar, drøymer og lengtar.

Kino (2006) er ei samling kloke og vare noveller for ungdom om vaknande erotikk og pubertet, ambivalens, lyst og begjær.

Bøker for vaksne

Kaldhols spesielle evne til å skildre barndom pregar også vaksenbøkene. Dei handlar ofte om barn og barndom eller skifter mellom minnestoff og notid. I romanen Blondene gir seg ikkje (2006) kjem barndommen og oppveksten til syne som glimt og hemmelege rom i sanselandskapet. Gjennom poetiske bilete kan barndomsinntrykka få kome til uttrykk og bli arbeidde med gjennom dei fantasifulle og groteske hemnmanøvrane i ettertid som språket gjer mogeleg.

Heilt frå debuten med diktsamlinga Lattermilde laken (1983) har forfattaren veksla mellom reine poetiske tekstar og prosatekstar. Også i prosatekstane for vaksne, som boka Maria (1985) og i huda er gud ein munn (1997), som forfattaren sjølv kallar poesiromanar, er skrivestilen oppattakande, intens og tett. Med knapp ordbruk og få stilgrep skaper Kaldhol presise og tydelege, og samtidig dunkle og burleske tekstar.

Utgivingar

  • Ta først på di eiga maske, roman, Samlaget, 2020
  • Mjølketannmuseet, forteljingar, Samlaget, 2018
  • Z for sorry, ungdomsroman, Samlaget, 2017
  • Zweet, ungdomsroman, Samlaget, 2015
  • Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz, roman, Samlaget, 2014
  • Darwins sporvar, roman, Samlaget, 2012
  • Søkeord: ayotzintli, ungdomsroman, Samlaget, 2010
  • Stripekalven, biletbok, Cappelen Damm, 2008
  • Ho som ror, lyrikk, Samlaget, 2007
  • Blondene gir seg ikkje, roman, Samlaget, 2006
  • Kino, noveller for ungdom, Samlaget, 2006
  • Reisa til H., biletbok, Samlaget, 2005
  • Den einaste kjolen, lyrikk, Samlaget, 2005
  • Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder, roman, Samlaget, 2004
  • Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder, forteljingar, Samlaget, 2004
  • Stilk med to. Dikt for unge, lyrikk, Samlaget, 2002
  • Den tause rosa går forbi, lyrikk, Samlaget, 2002
  • Ein augneblink, kanskje to, ungdomsbok, Samlaget, 2001
  • Likevel, lyrikk, Samlaget, 2000
  • Har du peiling på fisk?, ungdomsbok, Gyldendal, 1999
  • Frø, lyrikk, Samlaget, 1998
  • I huda er gud ein munn, roman, Samlaget, 1997
  • På vegen står ei jente med kniv, barnebok, Samlaget, 1995
  • Alt skal sjå ut som fløyel, lyrikk, Samlaget, 1993
  • Alle vi, noveller, Samlaget, 1993
  • Og låste med ein hengelås, barnebok, Samlaget, 1991
  • Vi kan dele, biletbok, Eide, 1988
  • Farvel Rune, biletbok, Samlaget, 1986
  • Maria, roman, Samlaget, 1985
  • Lattermilde laken, lyrikk, Samlaget, 1983

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, T., Risa, G. & Vold, K. B. (2005): Norsk barnelitteraturhistorie (2. utg.). Oslo: Samlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg