Faktaboks

Severin Kvaale

Peder Severin Kvaale

Fødd
8. desember 1876, Jondal (no Ullensvang), Vestland
Død
10. september 1965

Severin Kvaale var folkehøgskulelærar og kulturarbeidar. Han skaffa seg brei erfaring frå skular i fleire land, før han og kona starta Agder folkehøgskule, som dei dreiv i fleire tiår.

Severin Kvaale var fødd i Jondal i Hardanger. Han var av husmannsslekt og vaks opp i tronge kår, men alt tidleg hadde han fått det for seg at han ville bli lærar, helst ved ein folkehøgskule. 19 år gamal fekk han plass på Christian Hambro sin skule på Garnes i Arna, og seinare tok han kurs ved fleire folkehøgskular i Danmark. Han var fleire gonger i USA og underviste mellom anna ved den danske folkehøgskulen i Nebraska. Han drog også på studiereiser til England, Frankrike og Tyskland. I 1910 skipa han Agder folkehøgskule i samarbeid med Vest-Agder Ungdomslag. Skulen hadde frå 1917 eige hus i Søgne.

Kvaale heldt fram som styrar for Agder folkehøgskule heilt til skulen laut stengje under andre verdskrigen. Han dreiv pedagogisk nybrotsarbeid og starta eigne linjer med arbeidsskule og gymnastikk. Kvaale blei mykje nytta som talar, og han skreiv både bøker og skodespel. Kona hans, Marie Bloch Sørensen, var lærar ved ein dansk folkehøgskule då han blei kjend med henne. Kvaale tok aldri formell lærarutdanning. Olav Kolltveit kallar han ein representant for den gamle typen med folkelærarar og folkevekkjarar, ein «ekte grundtvigianar».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav M. Holdhus og Bjarne Berre: 75-årsminne. Den norske folkehøgskulen 1864–1939. Trondheim 1939
  • Svein Hovet: Dei gjekk sine eigne vegar. Sermerkte menneske som skapte kulturhistorie. Trondheim 1967
  • Olav Kolltveit: «Høgskulestyrar Severin Kvaale», Hardanger (avis) 15.9.1965

Gaute Losnegård: Jondal kommune. Gards- og slektssoge, bd. 1. Jondal 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg