Hopp til innhold
Forfattar Tore Kvæven. Foto: Tommy Ellingsen. Henta frå Det Norske Samlaget.
X
Innhald

Tore Kvæven

Tore Kvæven er forfattar, bonde og lærar. Han fekk sitt litterære gjennombrot med romanen Når landet mørknar i 2018.

Tore Kvæven er fødd 12. mars 1969 i Stavanger og er busett i Tjørhom i Sirdal, i Agder fylke. Han var elev ved Lyngdal jordbruksskule i 1988–89 og studerte til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskole på Ås (no NMBU – Norges miljø- og biovitskaplege universitet) frå 1990 til 1994. Studieåret 2003–04 tok han pedagogikk ved Høgskolen i Agder.

Kvæven var jordbrukssjef i Forsand kommune i 1995–96 og 1998–2000. Frå 2001 til 2011 var han lærar på Sinnes skule i Tjørhom. Frå 2016 har han vore lærar ved Tonstad skule i Sirdal, i tillegg til å vere sauebonde og forfattar.

Debutromanen Hard er mitt lands lov (2011) er ei historisk forteljing. Handlinga er lagd til år 1010, og lesaren får følgje eit norsk vikingskip på tokt i det indre av Kongo i Afrika. Romanen er skriven på eit arkaisk nynorsk og slektar slik på islendingesogene. I 2013 gav Kvæven ut den humoristiske barneboka Kameljegeren.

I romanen Når landet mørknar (2018) dreg ungguten Arnar Vilhjalmson på si første kvalrossjakt. Året er 1293, og Arnar drøymer om å byggje eit skip og segle mot ei betre framtid. Handlinga er lagd til Vesterbygda på Grønland og skildrar ein sivilisasjon i bryting mellom norrøn og kristen tid.

I 2018 fekk Kvæven Brageprisen for Når landet mørknar. For same boka fekk han Sørlandets litteraturpris i 2019. I 2019 fekk han òg Sirdal kommune sin kulturpris.

 

Kjelder

Telefonsamtale med Tore Kvæven 11.2.2020

E‑post frå Tore Kvæven 11.2.2020

 

Eivind Sæther: «Brageprisvinneren: – Jeg rister på hodet over et samfunn som ønsker likestilling overalt når kjønnene ikke er like», intervju, dn.no, publisert 30.11.2018: https://www.dn.no/magasinet/portrettet/brageprisen/tore-kvaven/portrettet/brageprisvinneren-jeg-rister-pa-hodet-over-et-samfunn-som-onsker-likestilling-overalt-nar-kjonnene-ikke-er-like/2-1-488518 [lesedato 11.2.2020]

 

Peikarar

Veronica Karlsen, NPK-NTB: «Kvæven vil følgje opp 'Hard er mitt lands lov'», framtida.no, publisert 5.12.2018

Lars Petter Sveen: «Da landet mørkna», vl.no, publisert 21.12.2018

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 03.09.2020