Astrid Langjord
Astrid Langjord, forfattar og bondekvinne. I 1949 blei ho den første kvinna som var styremedlem i Noregs Mållag.
Langjord var fødd i Vefsn 4. juni 1885 og døydde 14. desember 1955. Ho var elev ved Vefsn folkehøgskule i 1902 og ved Voss folkehøgskule i 1919.
Ho skreiv mykje i blad og julehefte, særleg i Unglyden, signerte ofte med «Skuld», og gav ut diktsamlingane Flyg mine fuglar (1951) og Ei lita gjente gøymer seg (1956). Ei prosasamling kom ut i 1984, som ein del av 100-årsfeiringa av diktaren i 1985.
Ho hadde mange tillitsverv i mållag, ungdomslag og bondelag og var leiar i den nemnda som skapte nordlandsbunaden. Ho har vorte kalla nordlandsbunadens mor, og i 2017 blei det ført opp statue av Langjord i Mosjøen.
I 1949 blei Langjord som første kvinne vald inn i styret i Noregs Mållag. Ho er eit døme på at norskdomsarbeidet gav kvinner rom til å drive kulturarbeid og leiarerfaring.
Kjelder
Inger-Lise Breivik o.fl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 14.12.2020