Faktaboks

Bolette C. Pavels Larsen
Bolette Christine Pavels Larsen
Fødd
18. oktober 1847, Sogndal
Død
8. desember 1904, Bergen
Verke
Litteraturkritikar, omsetjar og forfattar
Familie

Foreldre: Prokurator Jonas Lund (1801–71) og Inger Marie Munthe (1802–86).

Gift i Gloppen 1874 med bankfullmektig Ole Johan Larsen (31.8.1845–8.12.1928), son til fiskevegar Martines Severin Larsen (1820–80) og Ane Regine Hansen (1820–1908).

Systerdotter til Gerhard Munthe (1795–1876); kusine til Gerhard Munthe (1849–1929).

Bolette C Pavels Larsen

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Bolette C Pavels Larsen
Av /NTB Scanpix ※.

Bolette C. Pavels Larsen var litteraturkritikar, forfattar, omsetjar og målkvinne. Ho skreiv sjølv fleire forteljingar, i tillegg til å sette om litteratur frå andre nordiske språk. Pavels Larsen var ein sentral litterær aktør frå 1880-åra og til like over hundreårsskiftet.

Bakgrunn

Bolette C. Pavels Larsen hadde knapt formell utdanning utover folkeskulen, men fekk grundig opplæring i morsmål av morbroren sin, Gerhard Munthe, på slektsgarden Kroken i Indre Sogn. Ho flytte frå Sogn som 17-åring, var ei tid hos ei syster i Nord-Noreg og kom så til Bergen. I 1874 gifte ho seg med seinare bankfullmektig Ole J. Larsen.

Kritikar

Pavels Larsen melde norske og nordiske bøker i Bergens Tidende frå 1884. Ho skreiv grundige meldingar av bøker som Knut Hamsuns Mysterier, Arne Garborgs Hjaa ho mor, August Strindbergs Fadren og Amalie Skrams Lucie. Ho skreiv også om ei mengd bøker av seinare mindre kjende forfattarar. Ho følgde særleg med på svensk litteratur, i tillegg til fleire kvinnelege forfattarar og regionalt orienterte forfattarar som delvis skreiv på dialekt.

I det norske miljøet var ho interessert i den gryande litteraturen på nynorsk, og ho var oppteken av både å gi god tilbakemelding til forfattarane og lansere dei for eit publikum som elles delvis avviste dei av språklege grunnar. Særleg streva ho for å få lesarane til å akseptere Jens Tvedts poetiske styrke som bondeforfattar, også med ein større samlande tidsskriftartikkel (i Samtiden 1902). Meldingane hennar av nynorsklitteratur vart ofte også prenta i nynorskaviser som Firda. Pavels Larsen var ein viktig alliert for Mons Litlerés forlag.

Omsetjing

Pavels Larsen sin kritikk var høgt akta mellom forfattarar, og ho hadde god kontakt i det skandinaviske miljøet. Av Verner von Heidenstam sette ho til om reiseboka Fra Col di Tenda til Bloksbjerg (1890) og litteraturpamfletten Pepitas bryllup, en litteraturanmeldelse (1890, skriven saman med Oscar Levertin).

Trass i at ho kom frå embetsstanden, snakka Pavels Larsen sognemål like godt som dansk-norsk. Sognemålsrepertoaret vart utvida ved at ho sette om humoristiske forteljingar av den skånske dialektdiktaren Henrik Wranér i boka Staaveprat (1888). Året etter gav ho ut den finske samtidsforfattaren Juhani Ahos Skildringer fra Finland.

Eiga dikting

Pavels Larsen var kritikar i Bergens Tidende i bortimot 20 år, men aktiviteten minka noko etter hundreårsskiftet. Då var ho meir oppteken på andre område, då ho hadde forfattarambisjonar sjølv. Ho arbeidde lenge med ei rad forteljingar på sognemål, som vart prenta både i serien Småstubbar på Mons Litlerés forlag og i Syn og Segn.

I 1897 fekk ho nokre av dei ut i bok med tittelen Smaoe Skjeldringa. Ho underheldt med opplesing av desse humoreskene i mange samanhengar, ikkje minst i mållagsmiljø i Bergen. Samtidig kom dei i ei større samling på riksmål, Smaa Skildringer. Det tyder på at det var vanskeleg å få forleggjar til sognemålet, og neste samlinga, Kløver og Klunger (1902), kom berre på riksmål.

Målsak

Pavels Larsen var aktiv i Vestmannalaget, både administrativt og kunstnarleg, til dømes med opplesing på målmarknader og ved arrangering av spelemannsstemne. Ho var òg engasjert i den gryande ungdomslagsrørsla. På denne tida vart ho òg dregen meir inn i anna organisert målarbeid, og skreiv mellom anna om litteratur og kultur i ungdomsbladet Unglyden på Voss.

Banda til Sogn var svært viktige, og ekteparet Larsen heldt seg mykje der om somrane, særleg i Fjærland. Pavels Larsen var stolt av å kunne snakke sognemålet, sjølv om det ikkje var så gangbart i bytilværet hennar.

Nettverk

Som kritikar og litteraturinteressert utveksla Pavels Larsen hundrevis av brev med viktige forfattarar og litteratar i samtida, mellom andre brørne Edvard og Georg Brandes, Arne og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Verner von Heidenstam, Herman Bang, Hans Seland og Jens Tvedt. Pavels Larsen etterlot seg dermed ei verdifull brevsamling som er oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

Utgjevingar

Eigne bøker

  • Smaoe skjeldringa, 1897
  • Smaa Skildringer, 1897
  • Kløver og Klunger, 1902

Omsetjingar

  • A. Strindberg: Gillets hemlighet, i Bergens Tidende, mars 1883
  • H. Wranér: Staaveprat, Bergen 1888
  • J. Aho: Skildringer fra Finland, 1889
  • V. von Heidenstam: Fra Col di Tenda til Bloksbjerg, 1890
  • V. von Heidenstam og O. Levertin: Pepitas bryllup, en litteraturanmeldelse, 1890
  • B. Mörner: Salig Baronessen, 1893

Ikkje-publisert materiale

  • O. J. Larsens samling, UBB

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Oslo 1916
  • Andreas Bjørkum: «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet», i Dialekter och folkminnen. Hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000. Uppsala 2000
  • Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Historielaget i Sogn 1979
  • Inger Lise Breivik o.fl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Margaretha Fahlgren: «Werner von Heidenstams brev till den norska översättaren Bolette C. Pavels Larsen», Edda 1973
  • Jan Olav Gatland: Bolette C. Pavels Larsen. Litterær pioner og føregangskvinne. 2023
  • Ole Johan Larsen: «Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam», Urd 1906
  • H. Munthe: Efterretninger om Familien Munthe i ældre og nyere Tid, 1883–88
  • S. Munthe: Familien Munthe i Norge, 1994
  • Idar Stegane: «Bolette Christine Pavels Larsen», «Kritikaren» og «Brevskrivaren» i Idar Stegane (red.): Bolette Christine Pavels Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev. Bergen 1997
  • Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon. Oslo 1987
  • A. H. Winsnes: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 8, 1938

Faktaboks

Bolette C. Pavels Larsen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052295040541

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg