Faktaboks

Hans Lind

Hans Oluf Lind

Fødd
1. september 1866, Andøy, Nordland
Død
3. mars 1935, Johannesburg, Sør-Afrika

Hans Lind var ein norsk gruvearbeidar, kontorist og diktar. Lind var ein av dei første i Noreg til å skrive på dialekt. Han gav ut Nordlandsviser, der han skildrar nordlendingane sitt liv og lynne på deira eige mål.

Hans Oluf Lind var fødd på AndenesAndøya i Nordland. Etter middelskule på Lillehammer i 1880–1883 drog han tilbake til Nordland og tente til livsopphald som handelsbetjent i Lofoten. Rundt 1890 reiste han til USA og i 1898 til Sør-Afrika. Han budde resten av livet vekselvis i Johannesburg, der han arbeidde ved gullgruvene, og i Oslo, der han var kontorsjef i eit rekvisitafirma.

Lind var ein kunstnartype med evner for både musikk, teater og litteratur. Han skreiv i ulike sjangrar, men berre diktsamlinga Nordlandsviser (1910) vart gitt ut. Visene handlar om kvardagens gjeremål og tankar, om han som rodde fiske og ho som bala heime. Med munnleg språk målar han fram liv og lagnad på ein røyndomsnær måte, med blikk for personar og situasjonar. Nordlendingane kjende seg att i dikta, og den kulturelle sjølvtilliten deira voks. Boka vart folkekjær lesnad som kom i fire opplag, og mange av dikta kunne syngjast. I 1999 gav Dag Kajander ut CD‑en Feskarliv anno 1900, der han har tonesett viser av Lind.

Nordlandsviser fekk eit ihuga publikum, men forlaga var motvillige til å gi ut boka, som dei rekna med ville få ein svært avgrensa lesarkrins, sidan ho var skriven på dialekt. Lind heldt likevel fram med å skrive, livet ut, men gjekk etter kvart over til å skrive på dansk-norsk og engelsk. Då han døydde, lét han etter seg eit titals manuskript til romanar og skodespel og ei omsetjing av amerikanske dikt. Med unntak av småstubbar i historiske tidsskrift er ingen av manuskripta publiserte.

1996 vart det reist ein minnestein over Lind på Andenes.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Nils M. Knutsen: «Frå Petter Dass til Hans Lind til Arvid Hansen. Eit riss av nordnorske viser i 300 år», i Nils M. Knutsen: Fra Ottar til Oluf. Artikler om nordnorsk litteratur. Tromsø 1991. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Trygve Wicklund: «Hans Lind», forord i Hans Lind: Nordlandsviser, 3. utgåve, Oslo 1958. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg