Hopp til innhold
X
Innhald

Idar Lind

Idar Lind, forfattar av romanar, krimbøker, sakprosa, fantasy, skodespel og visebøker. Han har skrive teksten til Vinsjan på kaia for trønderrockgruppa DDE.

Idar Lind er fødd 23. september 1954 på Otterøy utanfor Namsos og er no busett i Trondheim. Han er utdanna cand.mag., med faga kjemi, biologi og drama/film/teater, frå Universitetet i Trondheim (1977). Lind var organisasjonssekretær i Norsk Vise- og Lyrikkforum (1980–81) og har elles livnært seg som forfattar.
Han debuterte i 1980 med visesamlinga Bakfot bok på eige forlag. I 1983 kom den første romanen, Stengte dører. Seinare kom kriminalromanane Hotell Tordenskjold (1985), Ormens gift (1986) og 13 takters blues (1989). Han har òg skrive krimbøker under psevdonymet Telma B.S. Hanssen. Krimbøkene er samfunnskritiske, og samtidig parodierer og leiker han med krimsjangeren.
Fantasyserien Drakeblod kom ut 1988–91, og oppslagsverket Norrøn mytologi frå A til Å kom i 2005. Lind har arbeidd med teater og skrive fleire skodespel, mellom anna En mann må gjørra de'n må (1990), Korsvikaspillet (1995) og Skottet i Buvika (2008). Han har òg skrive songtekstar for DDE.  I 2011 kom dokumentaren Kvinnene i Rinnanbanden.
Han fekk Naumdøla mållags målpris (1986), Rivertonprisen for 13 takters blues (1989) og Trondheim kommunes kulturpris (2004). Fleire av bøkene hans er omsette til dansk og russisk.
Mest suksess med kriminalromanar
Det er med kriminalromanane Lind har utmerkt seg mest. Dei tre bøkene Hotell Tordenskjold, Ormens gift og 13 takters blues er alle skrivne på nynorsk. Med Hotell Tordenskjold vann Lind Aschehougs krim- og spenningskonkurranse.
Handlinga er lagd til Trondheim, der hotellportier António Steen og politibetjent Breheim samarbeider om å løyse kriminalgåter der datateknologi er viktig for etterforskinga. Lind skildrar miljøet godt, intrigane er finurlege, og kvaliteten stig for kvar bok. Han fekk Rivertonprisen for 13 takters blues, der han òg nyttar musikkunnskapane sine.
Dei tre neste krimbøkene, To dråper blod (1993), Usynlige spor (1994) og Hysj (1996) blei gitt ut under psevdonymet Telma B.S. Hansen (og António Steen som medforfattar av Hysj). Desse to er sentrale personar i bøkene. Telma B.S. Hansen er politietterforskar. Desse bøkene er skrivne på bokmål, og Hysj var den første krimboka i Noreg som blei lagd ut på Internett.
Romanar og ungdomsromanar
Debutromanen Stengte dører (1983) er ei generasjonsskildring, men med mange innslag frå kriminallitteraturen. Romanen De beste blandt dere (1992) tek opp miljøaktivisme i 1970-åra og samlivskriser i 1980-åra. Kark (2000) er ein historisk roman med handling frå Olav Tryggvasons tid, bygd på same materiale som Korsvikaspillet.
Lind har gitt ut Drakeblod, ein norrøn fantasyserie i tre delar (1988–91). Bøkene er Det kvite spydet (1988), Vegen til Åsgard (1990) og Den siste dronninga (1991). Handlinga er lagd til eit miljø og ei tid som liknar vikingtida, men med utgangspunkt i notida. I bøkene finn ein element frå norrøn mytologi, folketru, gudar og troll framstilt på ein måte som kan vere eit spegelbilete på notida.
Dramatikk, rocketekstar og engasjement
I studietida i Trondheim og i tida etter var Lind engasjert i miljøvern, viseklubb, teater og i Studentersamfundet. I 1976–80 var han medlem av visegruppa JeremiA/SBakfot, som han skreiv mange songtekstar til. Han har skrive sju UKE-revyar, var redaktør for studentavisa Under dusken (1976–77) og aktiv i Studentersamfundets Interne Teater (1977–1989). Saman med Gunnar Strøm gav Lind i 1986 ut jubileumsboka Vår egen lille verden – Studentersamfundet i Trondhjem 1910–1985.
Lind debuterte som dramatikar på Trøndelag Teater med En mann må gjørra de'n må (1990), som han skreiv saman med Lasse Kolsrud og Petter Wiik. Framsyninga blei sett opp på det Norske Teatret i 1992 og blei fjernsynsfilm i 1996. I 1991 var han ansvarleg for manuskriptet til teaterstykket Gjengen eller ingen.
Lind har skrive mange av tekstane til gruppa DDE. Vinsjan på kaia (1993) var med på debutplata til trønderrockgruppa og gjorde stor suksess. Han har òg skrive tekstar på Gluntans Tvers igjennom (1994).
Han starta og dreiv nettsida Litteraturnettet (1995–2006) og fullførte Spelhandboka.no (2003) saman med Ingeborg Eliassen og Egil Johansen. Han var redaktør for bladet til Den norske forfatterforening (1988–91) og styremedlem i foreininga (1994–2000), medlem av styret i Tekstforfattarfondet (2002–2004), styremedlem i NOPA (frå 2007) og varamedlem (2008—11) og seinare styremedlem (frå 2013) i Kopinor.
Kjelder
Idar Lind, forfattarside, samlaget.no,
Idar Lind, personleg nettstad, http://lind.no/ [lesedato 19.9.2011]
Øystein Rottem: «Idar Lind», snl.no, http://www.snl.no/.nbl_biografi/Idar_Lind/utdypning [lesedato 19.9.2011]

Først publisert: 19.09.2011
Sist oppdatert: 27.05.2014