Faktaboks

John Lie
Fødd
8. mai 1846, Fyresdal, Telemark (no Vestfold og Telemark)
Død
21. april 1916

John Lie var ein norsk forfattar, lærar og bonde frå Telemark. Han skreiv dikt og forteljingar med motiv frå norsk bygdeliv og folkedikting, som vart særleg populære blant nordmenn i Midtvesten.

Bakgrunn

John Lie var fødd i Fyresdal i Telemark. Han hadde tidleg interesse for litteratur, men hadde ikkje pengar til utdanning ut over allmugeskulen. Han fekk stilling som lærar i heimbygda, eit yrke han hadde i to tiår. Sidan livnærte han seg som bonde og forfattar same staden. Lie var også ein aktiv avisskribent, Venstre-mann og tilhengjar av den frilyndte ungdomsrørsla. Han var far til forfattaren Haakon Lie og svigerfar til bygdediktaren Johannes Skarprud.

Forfattarskapen

Debutboka Hugaljo kom i 1874 som ei diktsamling på landsmål. 15 av dikta var skrivne av veslebroren Hallvor Lie, som døydde ung. Dikta krinsar rundt natur og bygdeliv, og inneheld referansar til norske folkeviser og segner. Også diktsamlinga Aarolilja (1879) hentar tittel, motiv og formspråk frå den same tradisjonen, med enkle dikt på telemål.

Det var som prosaforfattar Lie fekk størst suksess. Inspirert av Bjørnstjerne Bjørnson tok han til å skrive folkelivs- og bondeforteljingar «fra Thelemarken» på dansk-norsk. Dei selde godt, og fleire av dei, mellom anna Knut Trondson. Fortælling fra Telemarken (1878) og Staali Storli. En fortælling fra Telemarken (1880), gjekk òg som føljetongar i den norskamerikanske avisa Decorah-Posten. Avisa trykte jamleg litterære bidrag frå gamlelandet, og forteljingane til Lie var blant dei mest populære. Dette gjorde sitt til å styrkje norsk språkkjensle blant utvandrarane. Også kona Torbjørg bidrog med korrespondentbrev frå Noreg.

I 1897 vende Lie tilbake til landsmålet i Paa Fjell og Fynne. Forteljingar og Dyre-Sogur fraa Telemarken. Fleire av dyreforteljingane her fekk plass i Nordahl Rolfsen sine lesebøker.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Øyvind T. Gulliksen: «John Lie og Amerika», Telemark Historie. Bø 1985
  • Haakon Lie: «Diktar og bonde. John Lie, 8. mai 1846 – 21. april 1916», Årbok for Telemark. Skien 1959
  • Olav Solberg: Ringar i vatn. Telemarksdiktaren John Lie. Oslo 2014

Faktaboks

John Lie
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036536000332

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg