Faktaboks

Kåre Lunden
Fødd
8. april 1930, Naustdal, Vestland
Død
18. juli 2013
Verke
Historiker
Familie

Foreldre: Småbruker og anleggsarbeider Ludvik Kristoffersen Lunden (1897–1989) og Hilda Simonsdatter Indrekvam (1901–98).

Gift 1959 med apoteker Reidun Tordis Reenaas (22.8.1933–), datter av tannlege Nils Reenaas (1899–1979) og Thora Marie Killi (1909–86). Bror til Eldrid Lunden (1940–).

Kåre Lunden
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Kåre Lunden var ein norsk historikar og forskar. Som uredd debattant med kvasse synspunkt og klar til å stille spørsmål ved etablerte sanningar var han blant dei mest markante norske historikarane i etterkrigstida.

Kåre Lunden blei fødd i Naustdal i Vestland. Han tok examen artium ved Firda landsgymnas i 1950 og vart uteksaminert som sivilagronom ved Norges landbrukshøgskule i 1957. I 1965 vart han cand.philol. med hovudfag i historie. Lunden arbeidde ved Norsk lokalhistorisk institutt frå 1964 og ved Norges lærerhøgskole i Trondheim frå 1966. Frå 1971 var han tilsett ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo, først som lektor og frå 1976 til 1997 som professor, seinare som professor emeritus.

Lunden hadde sosiale og økonomiske tilhøve i mellomalderen som hovudforskingsfelt, men engasjementet hans femna mykje vidare enn det. Han var svært aktiv i fagdebattar, men gjekk heller ikkje av vegen for å ta del i allmenne politiske ordskifte om mellom anna EU, om nasjonalstaten, om norsk målreising, om Gro Harlem Brundtland og om kvinnekamp. Innlegga hans i slike ordskifte var oftast merkte av at han brukte historiske hendingar som døme for å seie noko om samtida og framtida. I 2005 talde bibliografien til Lunden 540 titlar.

Agrarhistorikar

Lokal- og agrarhistorisk tradisjon

Med odelsrett og som agronom hadde Lunden beina solid planta i det norske bondesamfunnet. Det er difor ikkje å undrast over at ulike sider ved dette samfunnet opptok ham særskilt. Lunden vidareførte den sterke lokal- og agrarhistoriske tradisjonen som Andreas Holmsen tok opp, og liksom Holmsen vart han ein slags guru innanfor norske lokalhistorikarmiljø.

I 1975 tok han doktorgraden med avhandlinga Kvantitative og teoretiske studiar i eldre norsk bondesoge. Seinare skreiv han mellom anna fleire band om mellomalderen i større norske historiesamleverk. I Frå svartedauden til 17. mai (Norges landbrukshistorie II 1350–1814, 2002) oppsummerer han synspunkta sine på utviklinga gjennom pesttida og dansketida.

Forskingsmetode

Lunden sitt historiesyn var prega av stor vekt på dei materielle samfunnsforholda, og han brukte mykje plass på å underbyggje påstandane sine med empirisk talmateriale. Også når han skreiv spesifikt om identitet og åndelege emne, heldt han kvantitative proporsjonar som dei «faktiske» framfor dei kvalitative. Han var klar på kva han meiner kjem først og påverkar det neste. Kvantitet slår over i kvalitet, skreiv han.

Debattant med temperament

Debatt om unionstida

Med prøveførelesinga si over potetdyrkinga og den raske folketalsveksten i Noreg frå 1815 sette Lunden i gang ein av dei mest omfattande fagdebattane om norsk jordbruk på 1800-talet.

Ein annan av dei store historikardiskusjonane her til lands dei siste tiåra har vore den mellom Kåre Lunden og Knut Mykland om den dansk-norske unionstida. Lunden retta frå 1980 og utover i fleire samanhengar skarp kritikk mot Mykland for å teikne eit for rosenraudt bilete av det danske styret. Usemja kom særleg fram i synet på skattenivået. Mykland meinte at Noreg i denne perioden var å sjå på som eit lågskatteland. Lunden hevda derimot med empirisk tyngde at dei norske bøndene vart hardt tynte av styresmaktene, som brukte det meste av skatteinntektene i Danmark.

Norsk nasjonalisme

I boka Norsk grålysing (1992) argumenterer Lunden for påstanden om at det fanst ein utvikla norsk nasjonal identitet før 1814. Han gjekk såleis mot det synspunktet som ofte har vorte hevda i nyare norsk historieforsking, nemleg at nordmennene nærmast fekk fridomen i gåve. På same tid engasjerte Lunden seg på nei-sida i kampen om norsk EU-medlemskap. Diskusjonen var oppheta, og Lunden måtte tole å verte skulda for å nøre opp under nasjonalistiske tendensar.

Ein folkeleg intellektuell

Lunden fekk i 1995 tildelt målprisen frå Norsk språkråd. Under prisutdelinga fekk han heiderleg omtale som ein formidlar i beste meining, ein folkeopplysar, ein folkeleg intellektuell og ein som «gjerne trør ut i minefelt og blir der». Lunden takka med å fortelje at når han sat fast i skrivinga, så prøvde han å skrive slik Nikolina i Botna, ei nabokone heime i Naustdal, ville ha sagt det. I 2008 fekk han Klassekampens kulturpris Neshornet.

Utgivingar i utval

Lunden gav ut ei rekkje bøker og artiklar.

  • Busetnad og økonomiske tilhøve i Noreg frå omkring år 800 til 1350 : eit kort oversyn (1967)
  • Kvantitative og teoretiske studiar i eldre norsk bondesoge (1975, doktoravhandling)
  • Norge under Sverreætten, 1177–1319 (1987, band tre i Norges Historie)
  • Korn og kaup. 1 : Studiar over prisar og jordbruk på Vestlandet i mellomalderen (1978)
  • Kjettarar, prestar og sagakvinner : om historie og historieproduksjon (1980)
  • Europa i krise : 1300–1500 (1984, band seks i Aschehougs Verdenshistorie)
  • Dialog med fortida : historie og historikarar frå 1184 til 1984 (1985)
  • Norsk grålysing : norsk nasjonalisme 1770–1814 på allmenn bakgrunn (1992)
  • Nasjon eller union? : refleksjonar og røynsler (1993)
  • Frå svartedauden til 17. mai : 1350–1814 (2002, band to i Norges landbrukshistorie)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eidsfeldt, Anne med fleire, red. (2000): Holmgang: Om førmoderne samfunn. Festskrift til Kåre Lunden. Oslo: Historisk institutt, Universitetet i Oslo. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg