Faktaboks

Magnus Brostrup Landstad
Fødd
7. oktober 1802, Måsøy, Troms og Finnmark
Død
8. oktober 1880, Christiania (no Oslo)
Verke
Prest, salmediktar, salmebokutgjevar og folkevisesamlar
Familie

Foreldre: Sokneprest Hans Landstad (1771–1838) og Margrete Elisabeth Schnitler (1768–1850).

Gift 6.5.1829 med Wilhelmine («Mina») Margrethe Marie Lassen (27.7.1808–20.2.1892), dotter til prost Albert Lassen (1781–1835) og Dorthea Andrea Lange (1789–1867).

Sonedotters son til Peter Schnitler (1690–1751); farfars far til Magnus Brostrup Landstad (1905–97); svoger til Wilhelm Lassen (1815–1907).

Magnus Landstad

Magnus Brostrup Landstad og kona Wilhelmine Margrethe Marie, fødd Lassen. Pastell frå 1851.

Magnus Landstad
Av /※ Bilde fra Norsk biografisk leksikon.
M.B. Landstad

Portrett av Magnus Brostrup Landstad. Ukjent år.

Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PDM

Magnus Brostrup Landstad var ein norsk prest, salmediktar og folkeminnesamlar. Han er særleg kjend for å ha gitt ut Norske folkeviser og Kyrkjesalmebok. Han ville fremje utviklinga av eit nytt, norsk språk på 1800-talet, og i dette spørsmålet rådførte han seg med Ivar Aasen.

Bakgrunn

Magnus Brostrup Landstad var fødd i Måsøy i Finnmark. Han voks opp i Vinje og Seljord.

Etter examen artium i 1822 studerte Landstad teologi ved Universitetet i Kristiania til 1827. Han var huslærar på Hadeland i 1825–1826, residerande kapellan i Gausdal i 1828, sokneprest i Kviteseid frå 1834, og frå 1839 i Seljord. Ni år seinare vart han utnemnd til sokneprest i Fredrikshald (Halden), og frå 1859 til 1876 var han sokneprest i Sandar i Vestfold.

I Fredrikshald var Landstad formann i skulestyret, kom med i Sunnhedskommisjonen og ivra for bygging av arbeidarbustader.

Landstad samla folkeviser og anna folkedikting. Han gav ut ei rekkje bøker og publiserte salmar og dikt i ulike blad. Landstad var, som J.C. Dahl og Aasmund Olavsson Vinje, oppteken av fortidsminnebevaring i ei tid då det herska rivingsfeber av gudshus landet over. Landstad tok del i ordskiftet. Diktet «Suk fra Gamle Akers kirke» i Christianiaposten i 1851 var eit forsøk på å redde den rivingstrua kyrkja. Han gav òg ut ein diktsyklus året etter om Nesland stavkyrkje i Vinje, men for seint.

Landstad samla folketradisjon med bistand frå Olea Crøger og L.M. Lindeman, noko som resulterte i Norske Folkeviser (1853). Til dette verket og Kirkesalmebog frå 1869 fekk han språklege råd av Aasen.

Folkeviser og anna folkedikting

Allereie i 1830-åra byrja Landstad å samle folkeviser og anna folkedikting. Dette arbeidet omfattar mellom anna fleire versjonar av Draumkvedet.

Debutboka til Landstad var ei samling salmar og religiøse dikt med tittelen Hjertesuk til hver dag i ugen (1841). Boka kom i fleire opplag. Han publiserte elles salmar og dikt i ulike blad og gav ut eit titals bøker.

I 1853 gav han ut Norske folkeviser (opptrykk i 1968), som i lang tid var den største samlinga av norske folkeviser. Utgåva vart tidlegare sterkt kritisert frå vitskapleg hald, men er no alminneleg anerkjent som eit verdig monument over norsk folkevisedikting.

Året før Landstad døydde, gav han ut Sange og digte, af forskjellige Slags, mest fra gamle Dage. Han ønskte å gi ut eit større arbeid om folketradisjon og skreiv ned alt han vann, det vere seg om hekseprosessar eller huldregardar. Gamle sagn om hjartdølerne (1880) vart følgd av posthume utgivingar.

Ein stor del av Landstad sine originaloppteikningar er bevart, og eit utkast til visebok med tekstane på bygdemål vart gitt ut av Knut Liestøl i 1925, Folkeviser fra Telemarken. Andre posthume utgivingar er Ættesagaer og sagn fra Telemarken (1924), Mytiske sagn fra Telemarken (1926) og Fra Telemarken. Skik og sagn (1927). Bokverket M.B. Landstad. Skrifter i fem band kom ut mellom 2012 og 2020.

Språkprosjekt

Vinje såg Landstad som eit drivhjul i Noregs språklege framgang, som han uttrykte det. Landstad hadde sans for folkespråket, og bruk av dette språket skulle ha eit pedagogisk sikte, folk skulle forstå kva dei las. Sjølv mangla Landstad filologisk skulering, men noterte seg «Provinsialismer fra forskjellig Egne af Norge». Han var inspirert av Henrik Wergelands arbeid Om norsk Sprogreformation frå 1832.

Landstad og Ivar Aasen vart kjende i 1845, då Aasen budde i Seljord. Under arbeidet med folkevisene diskuterte dei grammatikk, rettskriving og ordtilfang, og Landstad respekterte og bøygde seg for Aasens autoritet.

Salmar

Magnus Brostrup Landstad

.
Lisens: fri

Salmar på norsk

Danske salmebøker hadde vore i bruk i Noreg fram til Landstads tid. Kyrkjedepartementet vende seg til Landstad om utvikling av ei ny salmebok. Arbeidet tok til i 1852. Han utførte oppdraget åleine, utan komité, og gjekk grundig og systematisk til verks. Tradisjonsbunden som han var, inkluderte Landstad gamal salmetradisjon og gjendikta mellom anna frå latin. Han tok med salmar frå Martin Luther til N.F.S. Grundtvig, og norske salmar av Petter Dass og Dorothe Engelbretsdotter. Han våga òg å tenkje nytt og inkluderte om lag 50 eigne salmar i Kirke-Salmebog. Et Udkast (1861).

Landstad ønskte å ta med salmar forankra i ein norsk kontekst, som til dømes nasjonale 17. mai-salmar. Intensjonen var at salmeboka skulle vere tilpassa ein norsk røyndom og enkel å forstå for folk flest. Aasen var avgjerande i språkspørsmål, men utkastet fekk kritikk. I nokon grad galdt det sjølve utvalet av salmar, men innvendingane kom først og fremst på grunn av fornorskinga og dei mange innslaga av ord og vendingar frå folkemålet, og han vart skulda for å blande «bondespråk» og «kulturspråk. Ein komité som vart nedsett for å bedømme utkastet, kom med fleire forslag til endringar.

Etter språkleg omarbeiding, igjen med hjelp frå Aasen, vart salmeboka autorisert i 1869 til bruk ved offentlege gudstenester. Kirkesalmebog, kalla Landstads salmebok, hadde 634 salmar. I tillegg til Landstads eigne salmar innehaldt den også om lag 100 omsetjingar og gjendiktingar av Landstad.

Mottaking

Salmeboka vart stort sett godt motteken, men blant konservative lekfolk var det ein sterk skepsis. Dei meinte at det ikkje passa seg at ein prest dreiv med verdsleg dikting som folkevisearbeidet Landstad dreiv med. Salmeboka til Landstad måtte konkurrere med den meir konservative salmeboka til Andreas Hauge. Salmeboka til Landstad vann etter kvart innpass, og rundt 1900 var ho innført i rundt 90 prosent av forsamlingane. Den var den første norske kyrkjesalmeboka og har utan samanlikning vore den mest brukte i Den norske kyrkja.

Tematikk og stemning

M.B. Landstad med familien

Magnus Brostrup Landstad saman med delar av familien. Familien er fotografert på Sandeherred prestegard, medan Landstad var sokneprest i Sandar i Vestfold. Fotoet er truleg tatt før 1865.

Av /Østfoldmuseene.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Salmane til Landstad har vorte karakteriserte som historisk-kristelege, ortodokse og objektive. Dei er kjenneteikna av varme og kjærleik. Samtidig er dei ofte prega av vemod og alvor. Fleire av salmane vart til på grunnlag av personlege opplevingar, mellom anna ein av hans fremste salmar, «Jeg vet meg en søvn i Jesu navn», som han skreiv etter at han hadde mista to av sine eigne barn med nokre få vekers mellomrom. Denne salmen er til liks med fleire av dei andre av salmane hans, til dømes julesalmen «De hyrder stirrer i natten ut», prega av arbeidet hans med folkevisene. Adventssalmane utgjer òg viktige bidrag, med «Jeg løfter opp til Gud min sang» som den viktigaste. Hans kanskje mest kjende salme er «Fra fjord og fjære». I denne salmen stig for første gong eit norsk vinterlandskap fram i ein julesalme. Dette er ein av salmane som har mange av dei orda og uttrykka frå folkemålet som Landstad vart kritisert for.

Revisjon

Landstads salmebok vart revidert av Gustav Jensen og autorisert i 1924 og gitt ut i 1926. Salmeboka vart nytta under gudstenesta i mange kyrkjer fram til 1985.

Frå Kirkesalmebog til Norsk salmebok

Trass Landstad si fornorsking av språket, var desse for danske å rekne. Fram til 1892 var det forbode å syngje nynorsksalmar i kyrkja. I 1869, berre månader etter at Landstads salmebok var godkjent, kom første utgåva av Nokre Salmar, gamle og nye av Elias Blix. Dette var dei første salmane på nynorsk. Den fjerde utgåva kom ut i 1891, no med 150 salmar, og i 1892 vart Blix’ salmar autoriserte for bruk i offisielle gudstenester. Blix’ salmar vart etter dette plasserte som eit tillegg i Landstads salmebok. I 1925 kom salmeboka Nynorsk salmebok. For kyrkja og heim og møte. I 1985 vart Nynorsk salmebok og Landstads reviderte salmebok avløyste av Norsk Salmebok.

Nasjonsbyggjar

Folkevisesamlinga og salmeboka, som først hadde fått motbør frå vitskapleg og kyrkjeleg hald, vart populære i mange norske heimar i ei bokfattig tid. Salmeboka vert rekna som ei av dei viktigaste bøkene som nokon gong er gitt ut i Noreg, og samlinga av folkeviser nådde alle lag av folket og influerte mange av dei fremste diktarane, biletkunstnarane og komponistane på 1800-talet.

Mellom dei var Henrik Ibsen, med skodespel som Olaf Liljekrans. Bjørnstjerne Bjørnson skrytte av at han kunne alle Landstad sine viser utanåt, og i bondeforteljingane og dikta hans kan ein sjå allusjonar til visediktinga. Hulda Garborg skreiv skodespelet Liti Kjersti, medan Arne Garborg fekk inspirasjon frå folkevisene i arbeidet med Haugtussa. Edvard Grieg henta teksten til Den bergtekne frå Landstads samling. Mellom biletkunstnarane står Gerhard Munthes arbeid tufta på folkevisene i ei særstilling.

Heider

Landstad døydde i 1880 og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Det er reist fleire minnesmerke over Landstad, mellom anna ein skulptur av Hans Holmen frå 1928 på M.B. Landstads plass i Sandefjord. Ved Seljord kyrkje er det reist eit monument laga av Anne Grimdalen, og H.M. Kronprins Olav heldt tale ved avdukinga i 1951. Ein kantate med tittelen «Du er på vegen til Noregs folk» vart framført.

Landstad vart æresmedlem i songkoret i Fredrikshald i 1856 og riddar av St. Olavs Orden i 1870.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Bugge Amundsen: «Samlere, forskere og folkeminner på 1800-tallet» i Bjarne Rogan og Anne Eriksen (red.) Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Oslo 2013
  • Herleik Baklid (red.): M.B. Landstad. Skrifter bd. 1–5. Oslo 2012–2020
  • Ivar Bjørndal: Magnus Brostrup Landstad. Prest, dikter og borger i Fredrikshald 1849–59. Oslo 2002
  • Ådel Gjøstein Blom: Norske mellomalderballadar 1. Legendeviser. Oslo 1982
  • H.Blom Svendsen: Norsk salmesang bd. 1–3. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • H.S. Blom Svendsen mfl.: Salmeskatt og kulturarv. Eit skrift om Seljordpresten M.B. Landstad. Oslo 1951. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Olav Bø: «Folkediktinga», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1974
  • Egil Elseth: Magnus Brostrup Landstad. Pilegrimen og poeten. Oslo 1986. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Egil Elseth: Magnus Brostrup Landstad. Kulturvilje og kristentro. Oslo 1997. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Ingard Hauge: «Poetisk realisme og nasjonalromantikk», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1974. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Per Th. Hvamstad: «Magnus Brostrup Landstad», i Jon Homme (red.): Årbok for Telemark 1964
  • Hans Th. Landstad: Magnus Brostrup Landstad på nært hold belyst med familiebrev. Oslo 1989. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • M.B. Landstad: Magnus Brostrup Landstads dagbok 1825-1829. Oslo 1950. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Magnus Brostrup Landstad: Norske Folkeviser (faksimileutgåve). Oslo 1968. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Magnus Brostrup Landstad: Mytiske sagn fra Telemark. Etterlatte opptegnelser av M.B. Landstad. Skien 1995
  • Knut Liestøl: «M.B. Landstads Norske Folkeviser», Edda 1926. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Ole Theodor Moe: Provst M.B. Landstad. Salmedigteren. Kristiania 1920. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Halkild Nilsen: Magnus Brostrup Landstad. Hans liv og diktning. Kristiania 1921. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Kristen Valkner: «Landstads og Hauges salmebøker» i Norvegia sacra 12 (1932), s. 1-129
  • Kjell Åsen: «Landstad og Maalstrævet», i Jon Homme (red.): Årbok for Telemark 1968

Faktaboks

Magnus Brostrup Landstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052152000003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg