Faktaboks

Rasmus Løland
Fødd
24. mai 1861, Sand (no Suldal), Rogaland
Død
12. oktober 1907, Asker, Viken
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bonde Lars Larsson Løland (1816–88) og Barbro Torkelsdotter Søndenå (1825–90).

Ugift.

Rasmus Løland
Av /Samlaget.

Rasmus Løland var forfattar, journalist, nynorskaktivist og fritenkjar. Løland skreiv fleire gode barnebøker og var ein engasjert forkjempar for det nynorske språket.

Bakgrunn

Rasmus Løland var fødd i Sand kommune (i dag Suldal kommune) i Ryfylke. Han voks opp i ein velståande, seinhaugiansk familie som òg var sterkt prega av kampen for parlamentarisme og allmenn røysterett og kampen mot unionen. Det var ein litteraturlesande og avislesande heim, som dessutan tok tidleg standpunkt for landsmålet.

I over ti år stod livet hans mest stilt i kampen mot psykisk og psykosomatisk sjukdom, kombinert med ei årelang gjennomarbeiding av den kristne trua. Samstundes var dette ein periode då han arbeidde med ideane sine og skreiv dei første versjonane av dei tidlege bøkene sine.

Løland debuterte i 1891 med novellesamlinga Folkeliv. Den første barneboka hans var Paa sjølvstyr (1892), og etter kvart vart han den første norske forfattaren som produserte ein omfattande realistisk litteratur for born. Han gav i alt ut 30 bøker. I tillegg til barnebøkene var det vaksenbøker, omsetjingar, eventyrsamlingar og skodespel. Han flytta frå Sand til Oslo permanent i 1897. Frå 1903 budde han i Asker, som næraste nabo og ven til ekteparet Hulda og Arne Garborg.

Barnebokforfattaren

Boka Paa sjølvstyr profilerte Løland både som barnepsykolog og sosialrealist. Han skreiv naturleg og usentimentalt frå borna sin ståstad og såg verda med deira auge. Dette var radikalt i ei tid der barnelitteraturen primært skulle fremje moralske og oppsedande verdiar.

Men Løland si tilnærminga til barnet gjekk igjennom ulike fasar. Etter den sosialpolitiske Paa sjølvstyr kom ein mellomfase på eit individualiserande og meir moraliserande plan med Ungar (1892), Kort vart det av jola? (1894) og Smaagutar (1897). I den siste fasen introduserte bøkene Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906) barndom som tema i norsk litteraturhistorie.

I 1897 la Løland fram sitt eige program for barnelesnad. For det første måtte ein skrive eit språk som gjorde lesinga lett for barnet. For det andre måtte ein skrive naturleg og direkte. Det tredje var at ein eventuell moral måtte kome naturleg fram i det ein fortalde, og ikkje vere utanpåhengd. Åra 1902–1907 var Løland redaktør i Norsk Barneblad. Han har inspirert mange barnebokforfattarar fram til i dag.

Samfunnsengasjement

Oskar Braaten ved Rasmus Lølands grav (1925)
Teatersjefen, Oslo-mannen og nynorskdiktaren Oskar Braaten avdukar og legg krans på gravstøtta til barnebokpioneren og ryfylkingen Rasmus Løland på kyrkjegarden i Asker i 1925. Dei var to av 18 sentrale nynorskfolk som budde i ei lita grend i Asker rundt hundreårsskiftet og var ein del av Askerkretsen. Både Braaten og Løland nytta landskapa dei vaks opp i, anten det var bygda i vest eller bysmau i aust, til å dikte forteljingar frå. Begge nytta også det nye skriftspråket nynorsk til å fornye sjangrane dei skreiv i: barnelitteraturen og dramatikken.

Straks han kom ut av dei verste sjukdomsplagene, tidleg i 1890-åra, trappa Løland opp samfunnsengasjementet sitt. Det var venstresak, fredssak, ungdomssak og ikkje minst målsak. Den smålåtne Løland var ingen talar, men gjorde det godt i avisspaltene. Frå 1896 hadde han den journalistiske arenaen sin i avisa Den 17de Mai. Der skreiv han om alt som rørte seg i tida, men hovudsakene var målsaka, kampen for allmenn røysterett, arbeidet mot unionen og – etter kvart – kampen for den frie tanken.

I Kristiania var han ein av initiativtakarane og ein viktig pådrivar bak det såkalla «Røelaget», eit uformelt målpolitisk forum der sentrale folk i nynorskrørsla diskuterte både ideologi og strategi. Han spela ei viktig rolle som styremedlem i det radikale ungdomslaget «Fram», og han var ein viktig pådrivar bak den nynorske teaterrørsla.

Då han døydde, var han nyleg vald inn som styremedlem i Den norske Forfatterforening, og han var med i redaksjonen for tidsskriftet Syn og Segn.

Kritikk av kristendomen og bygda

I møtet med darwinismen og vitskapen i den nye tida kom Løland til å utvikle seg frå ein from ung mann til fritenkjar og darwinist. Engasjementet hans for den frie tanken resulterte mellom anna i vaksenbøkene Aasmund Aarak (1902) og Umskifte (1904). Dette var bøker som sette han i utakt med folk flest både i landsmålsrørsla og i ungdomslagsrørsla, og bøkene vart for ein stor del boikotta. Miljøa hans på denne tida var mest opptekne av nasjonale og kultur-kristelege spørsmål. Umskifte går òg kritisk inn på bygdelivet som vart dyrka på denne tida.

På same tid prøvde han å få gitt ut den underfundige, eksistens-pessimistiske boka Hundrad aar. Ho kom først i 1910, tre år etter at han var død. Boka varsla ei ny retning i forfattarskapen hans, på same måten som det alt hadde kome ein del bøker som burde fri han frå merkelappen heimstaddiktar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bache-Wiig, Harald: Frisetting av barndommen: Rasmus Løland som barnebokforfatter, 2000
  • Drange, Ernst Berge: Rasmus Løland : barnebokpioneren frå Ryfylke, 2007
  • Midttun, Olav: Rasmus Løland, 1961

Faktaboks

Rasmus Løland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037030004531

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg