Faktaboks

Sigmund Løvåsen
Fødd
16. august 1977, Trysil, Innlandet
Sigmund Løvåsen
Sigmund Løvåsen
Av /Samlaget.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sigmund Løvåsen er ein norsk forfattar som skriv romanar, skodespel og dikt. Han var leiar av Den Norske Forfatterforening og hatt verv i mange litterære foreiningar.

Bakgrunn

Sigmund Løvåsen er fødd i Trysil i Hedmark (no Innlandet). Han var elev ved Trysil videregående skole (handel og kontor) i 1994–1996. I åra 1999 til 2001 studerte han musikk storfag ved Høgskulen i Volda. Han tok Forfattarstudiet i Bø i 2001–2002 og studerte Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet i 2004–2006.

Forfattarskapen

Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga. Nyryddinga handlar om den ti år gamle «Geir», som med sine barneauge ser på verda rundt seg. Han bur på ein gard saman med foreldra sine og ein veslebror. Familien driv med saueavl. Geir drøymer om å sjølv lage ei nyrydding. Han vil verte bonde som far sin, men livet på småbruket er ikkje lett når faren vert sjuk.

Romanen Brakk (2006) er ein uavhengig oppfølgjar til Nyryddinga. Geir sin far er død og gardsbruket er selt. Mora og broren har flytta ned til sentrum av bygda. Geir har sjølv eit rom i leiligheita, men vel i sitt siste år på snekkerlinja å starte med saueavl på leigd jord ved barndomsheimen sin.

Romanen Mamsell Iversen (2009) er ei burlesk og humoristisk folkeforteljing frå det indre Austlandet. «Mamsell Iversen» er ein fargerik person. Ein kan ane eit litterært slektskap med Kjell Aukrust og Tarjei Vesaas.

I 2018 kom den kritikarroste lyrikksamlinga Med øksene dei haustar inn. Tema i boka er eit kulturlandskap vi kjenner godt frå hans tidlegare romanar. I diktform blir det meir personleg. Gjennom kvardagslege observasjonar deler forfattaren på lågmælt vis av den store kunnskapen sin om moderne jord- og skogbruk og menneska sin plass i naturen.

I 2004 debuterte Løvåsen som dramatikar med teaterstykket Daga. Han har seinare skrive skodespela Vente på fugl (2009) og Vid din sida (2011). I 2020 kom Løvåsen si første utgjeving av sakprosa, Kjell Aukrust – En biografi. Snøballkrigen (2021) er hans første barnebok. Åshild Irgens står for illustrasjonene.

Verv og anna engasjement

Frå 2012 til 2017 var Løvåsen leiar i Den norske Forfatterforening (DnF). I den same perioden hadde han ei rad verv. Han var mellom anna styremedlem i NORLA, medlem av Kopinors representantskap, styremedlem i Foreningen !les og medlem av Bragerådet. I tillegg var han aktiv i Kunstnernettverket. I 2018 vart han oppnemnd til utvalet for Statens kunstnarstipend. Gjennom føretaket Svartskog Landskapspleie driv han kulturlandskapsskjøtsel i Svartskog landskapsvernområde.

Utmerkingar

I 2003 fekk Løvåsen både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for Nyryddinga. Han fekk tildelt Sigmund Skard-stipendet i 2006. Han mottok Bjørnsonstipendet i 2010 under Bjørnsonfestivalen. Løvåsen var festspeldiktar under Festspela i 2021.

Bibliografi

  • Snøballkrigen (Barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Kjell Aukrust – En biografi (Sakprosa, Cappelen Damm, 2020)
  • Med øksene dei haustar inn (Lyrikk, Samlaget, 2018)
  • Vid din sida (Dramatikk, Samlaget, 2011)
  • Vente på fugl (Dramatikk, Transit, 2009)
  • Mamsell Iversen (Roman, Samlaget, 2009)
  • Brakk (Roman, Samlaget, 2006)
  • Daga (Dramatikk, Samlaget, 2004)
  • Nyryddinga (Roman, Samlaget, 2003)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg