Faktaboks

Sjur Lothe
Fødd
22. november 1893, Haugesund
Død
27. august 1972, Haugesund

Sjur Lothe var ein norsk handelsmann, skipsreiar og forfattar. Han var den store diktaren i Haugesund før Kolbein Falkeid.

Bakgrunn

Sjur Lothe var fødd i Haugesund. Han tok handelsgymnas i Bergen i 1911 og arbeidde deretter i faren sin skipshandel, som han seinare overtok og dreiv under firmanamnet Sjur Lothe & Co i 1929–1964. Saman med broren dreiv han òg reiarlaget Sjur og Johs. Lothe frå 1916 til 1932. Dessutan hadde han fleire sentrale verv innanfor foreiningsliv, næringsliv og politikk. Han og broren var svært aktive i jobbetida under første verdskrigen. Det var då dei skipa reiarlaget, og dei kjøpte jamvel ein herregard i Jarlsberg for 175 000 kroner.

Forfattarskap

Lothe er mest kjend som forfattar. I perioden frå 1928 til 1938 skreiv han fem romanar om skipshandel og fiske i oppgangs- og nedgangstider i ein liten by på Vestlandet (les: Haugesund), tema som blir uttrykte i titlar som Byen og banken (1927) og Brogård & Co (1928). Men etter andre verdskrigen skifta forfattarskapen karakter. No skreiv han kulturhistoriske romanar om korleis byen utvikla seg frå strandstad til ladestad.

Drama

Han skreiv òg fem drama. To av dei var på nynorsk, og dei hausta størst lykke. Høyrespelet På veg mot målet (1951) blei sendt i NRK. Den største suksessen, skodespelet Herborg og Vigleik (1954), framførte Det Norske Teatret til saman 64 gonger på turné og på hovudscenen. Det blei òg sendt som høyrespel i NRK. Lothe er heidra med ein statue utanfor Haugesund Folkebibliotek.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vormedal, T. I. (2008): Kim va det? Kjente avdøde haugesundere. Haugesund: Vormedal forl.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg