Faktaboks

Ingvar Moe
Fødd
11. desember 1936, Etne, Vestland
Død
2. september 1993, Trondheim
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bakar Sigurd Moe (1912–68) og Brita Talette Amanda Hardeland (1911–91).

Gift 1963 med Wenche Doreen Høiberg (17.1.1944–), dotter av murar Ludvik Høiberg (1908–99) og Edle Hedvig Alviniussen (1912–2002), ekteskapet oppløyst 1991.

Ingvar Moe i 1988.
Kraftmuseet.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Ingvar Moe var forfattar, kåsør og humorist. Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme som skildra heimbygda Etne med både kjærleik og kritisk blikk.

Bakgrunn

Moe blei fødd i Etne i Sunnhordland i Hordaland (no Vestland). Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1959 og arbeidde som lærar i ungdomsskulen i perioden 1960 til 1980, mellom anna i Nøtterøy og Nodeland.

Forfattarskapen

Ingvar Moe debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farga nynorsk normalmål. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både vaksenlitteratur og barnelitteratur, dikt, noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida av kåseri, revytekstar og popsongar. Han var ein stor opplesar og underhaldar og ein kjend og kjær radiokåsør.

Tema

Det ambivalente forholdet til heimbygda er grunntonen i Ingvar Moes dikting. Kritikk av dei negative sidene ved bygda, trongsyn, fordommar, sladdersjuke og framandfrykt, har solid tradisjon i norsk bygdemålsdikting. Ingvar Moe fornya og utvikla dette i nye sjangrar, i modernistiske og personlege dikt, og i overrealistiske og fabulerande prosatekstar.

Novellesamlinga Sommaren te Ingjeberr (1977), med undertittelen Bygdeprosa, er eit elegant og ironisk oppgjer med dømmesjuke og trongsyn i små samfunn, og med særleg sympati for dei utsette kvinnene. Også barne- og ungdomsbøkene Ingenting å vera redd for (1978), Det brenn (1980) og Tre døgn i uvisse (1983) er svært kritiske til det sosiale presset og den gamle normene på bygda.

Som nittensyttitalsdebutant var Ingvar Moe ein politisk forfattar og ein litterær representant for frigjeringsrørslene i samtida, bygderørsle, målsak og kvinnesak.

I solidariteten med kvardagsmenneske og brodden mot maktmenneske, «dei som har noko med det», minner han om vestlandsdiktarar som Per Sivle og Jakob Sande.

Beiske og såre dikt

Ingvar Moe kombinerer kritikken og satiren med kjærleik. Han er skarp og mild, beisk og varm på same tid. Den store appellen i diktsamlingane ligg i ei ærleg og sår sjølvframstilling og i den sterke viljen og evna til å kommunisere ved å setje ord på det som bygda ikkje vil seie høgt.

Mange av dikta i løktastolpefrø (1975) krinsar om barndomsminne. Det skarpe og sårbare barneblikket observerer og undrast og har det vondt i dei vaksne sitt lukka og strenge miljø. I Fløttjevels bok (1977) treffer han sin eigen generasjon ved å vere den rastlause og hudlause fråflyttaren som ser tilbake på skulegang og hybelliv og pinlege erfaringar med hybelvertinner og jenter. Himabrent (1979) er ei bok som også priser styrken og potensialet i folket heime.

Barnebøker

I norsk barnelitteratur er Ingvar Moe ein nyskapande forfattar som bryt med den harmoniserande og idylliserande framstillinga av livet på bygda. Han bryt også med den realistiske skrivemåten i barnebøkene. «Oldemorbøkene» hans, Heia oldemor! Ei heilt vill forteljing (1984) og tre bøker etter denne, er burleske, fabulerande og fantastiske forteljingar om ei laussleppt og ellevill og svært uvanleg oldemor.

Humor

Ingvar Moe var ein språkkunstnar som leika med språket og sa mykje med få ord. Med stubbar og folkelivsskildringar frå bygdemiljøet, som i boka Nå skine det øve! (1988), byggjer han på den folkelege talen og dei munnlege sjangrane, songar, vitsar og skrøner. Han blandar dette med patos og høgtidleg tale, slik at det blir patetisk og morosamt på same tid.

Som kåsør i NRK radio hadde Ingvar Mo eit stort publikum. I kåseria, som er samla i bøkene Kjære kyrkjefolk (1981) og Frå oppvaskkummen (1983), raljerte han ironisk og respektlaust med tema i tida, med atomvåpen, morgonandaktar og flate pakkar frå Ikea, med juletrefestar og fredsprisar, og ikkje minst med kulturelle spenningar mellom aust og vest i landet, den kua vestlendingen og den sjølvsikre austlendingen.

Han hadde ei uvanleg evne til å få kontakt med publikum. Saman med songaren og musikaren Stanley Jacobsen reiste han rundt og trefte bygdehumoren presist med underhaldningsprogram som spela virtuost på gjenkjennelege tabu og situasjonar.

Ingvar Moe kunne vere skarp mot sambygdingane sine og kunne sjølv kjenne seg dømd og kritisert av dei. Men i 2006, på den dagen han ville ha fylt 70 år, blei han æra med fotoutstilling og byste i Etne sentrum. Skulebarna i bygda framførte kabareten Eg kan, som bygde på tekstar frå bøkene hans.

Prisar

For debutsamlinga løktastolpefrø (1975) fekk Ingvar Moe Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Per Olav Kaldestad: «Det kjeme te gro», innleiing i Ingvar Moe: Dikt i samling. Oslo 1995, s. 5–9
  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–98. Oslo 1998, s. 153–156

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg